Knut Draugedal, Tone Edland, Nils-Ole Lien, Svein Olav Krontveit, Hilda Vaa og Ove Kringlegarden.
Knut Draugedal, Tone Edland, Nils-Ole Lien, Svein Olav Krontveit, Hilda Vaa og Ove Kringlegarden.

– No må friske midlar på bordet

– I årets jordbruksoppgjer må staten leggje monaleg med friske pengar på bordet. Situasjonen for jordbruksnæringa i Vest-Telemark er alvorleg, seier Tone Edland, nestleiar i Telemark Bondelag.

I dag presenterer faglaga i landbruket næringas krav ved årets jordbruksoppgjer. Bøndene har store forventningar til at regjeringa følgjer opp løfta i Soria Moria II-erklæringa. Jordbruket må ha eit godt oppgjer trass i signala om moderasjon i årets inntektsoppgjer.

Tone Edland peiker på at landbruks- og matministeren har reist land og strand rundt og snakka med bøndene i samband med den nye stortingsmeldinga om landbrukspolitikken som er varsla i 2011. På det landbrukspolitiske møtet på Søve for nokre veker sidan, gjentok ministeren at det skal vere jordbruk og husdyrhald i heile landet også i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Småfehald – sauer og geiter – og ammekyr er sentrale grasbaserte produksjonar i Vest-Telemark. Her trengs det eit økonomisk lyft og betre tilskotsordningar for å sikre at ikkje talet på beitedyr held fram med å rase attende. I Vinje er det heldigvis nokre som satsar, men det skuldast auka kommunale rammer på ulike tilskot, fortel Tone Edland.

Vellykka aksjonsdag

For to veker sidan stod Vinje-bønder utanfor matbutikkane i Åmot og delte ut næringas eiga kundeavis til forbrukarane. Bodskapen var at når me handlar norsk mat får me arbeidsplassar i distrikta og vakkert kulturlandskap. Aksjonen vart difor kalla «Meir enn berre låge prisar».

– Dersom ikkje jordbrukstiningane i år sikrar bøndene inntekter og rammevilkår som gjer at nye generasjonar vil overta, er næringa truga i Vest-Telemark. Me kan ikkje lenger leve av «papirpengar», konkluderer Tone Edland.

Budsjettmidlar

Telemark Bondelag krev at auken i ramma i den komande jordbruksavtala i hovudsak må verte finansiert med midlar over statsbudsjettet. Det er avgrensa kor mykje det er mogleg å ta ut i marknaden i form av høgare matvareprisar. Fylkesbondelaget har prioritert investeringar innanfor mjølk, storfe og egg. Ein krev òg auke i distriktstilskota i sauehaldet i område som Vest-Telemark, grunna seint slaktemogne lam.

Ulike tilskot

Telemark Bondelag meiner inntektslyftet i mjølke- og storfeproduksjonen bør skje gjennom auke i produksjons- og distriktstilskota. Husdyrtilskotet vil ein auke i intervallet 1-25 dyr. Vidare krevst det auke i mellom anna beitetilskot og tilskot for innmarksareal.

I geitehaldet har fylkesbondelaget bede om at det ved sal av mjølkekvotar vert sett på soneinndelinga på nytt.

Produksjonstillegget på sau meiner ein leggjast på dei to intervalla; 1-75 dyr og 76-150 dyr.