Elisabeth Swensen seier at svineinfluensa ikkje er meir farleg enn vanleg influensa, men at hygiene er viktig for å unngå at mange blir sjuke samtidig.
Elisabeth Swensen seier at svineinfluensa ikkje er meir farleg enn vanleg influensa, men at hygiene er viktig for å unngå at mange blir sjuke samtidig.

– Opphausa influensa

I april dukka det opp ein ny type influensa i Mexico, den såkalla svineinfluensaen eller Influensa A (H1N1) som den heiter på fagspråket. Kommunelege i Seljord, Elisabeth Swensen, meiner pandemien er relativt ufarleg slik den er no.

Sidan den nye influensatypen blei registrert i april har den spreidd seg til dei fleste land i verda. I norsk og internasjonal media har pandemien fått den eine fyrstesida etter den andre, og han har blitt framstilt som ein livsfarleg sjukdom.

Det har vore mykje snakk om vaksiner, Tamiflu, respiratorar, og mangel på sjukehussenger, men kommunelege i Seljord, Elisabeth Swensen seier at folk ikkje bør uroa seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein heilt vanleg influensa med ei ny type virus som ingen i prinsippet er immune mot, men er ikkje farlegare enn vanleg influensa. Sidan viruset er litt ulikt dei andre typane me har vore utsett for kjem fleire folk til å bli sjuke, men det ikkje noko me skal vera redde for, seier Swensen.

Ho fortel vidare at folk i Seljord har teke sjukdomen med ro, og at dei har fått få telefonar trass mykje omtale i media.

Lågare dødsprosent

Influensa A (H1N1) er ein ufarleg sjukdom for dei fleste. Til no har sjukdomen hatt ein lågare dødsprosent enn vanleg sesonginfluensa.

– Dei som har alvorlege luftvegssjukdommar eller har ein kronisk sjukdom som KOLS og astma er meir utsett for influensa. Dei som har lungebetennelse er i risikogruppa, men slik er det også med den vanlege influensaen me har hatt til no.

Unødvendig med Tamiflu

– Medisinen Tamiflu har blitt sett på som ei løysing for folk flest, men me anbefalar ikkje bruk av denne. Det er kraftige biverknader med denne medisinen, og den er ikkje førebyggjande mot H1N1. Dei som blir sterkt utsett for denne sjukdommen og blir lagt inn på sjukehus kan få behandling med Tamiflu. Gravide kan få medikamentell behandling som denne, men må dette må vurderast av lege og vegast opp mot biverknader. Folk som kjem til legekontoret med H1N1-symptom og ber om Tamiflu vil ikkje få dette, seier Elisabeth Swensen.

– Eldre meir immune?

I Storbritannia er dei no ferdig med den fyrste influensabølgja, og i Noreg ser ein no på kva erfaringar dei har hatt hittil i utlandet.

– Det som har vore litt spesielt med denne nye typen influensa, er at dei yngre i Storbritannia har vore meir utsett. Me ser no nøyare på nettopp dette, og me stiller spørsmål om dei eldre har møtt på denne sjukdommen før. Det er ikkje utenkeleg at dei som levd lengst har vore utsett for liknande type før, og at dette er årsaka til at dei yngre har vore meir utsett, seier Swensen.

Vil forsinke spreiinga

Sjukdommen kjem til å vera innom dei fleste nordmenn, men styresmaktene jobbar no med å forsinke den slik at ikkje alle blir sjuke samtidig. Samfunnet kan stoppe opp viss mange vil bli sjukemeldte på same tid. Skjer dette er det mogleg at ein barnehage blir stengt, og at ei skuleklasse får fri ei kort stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir sett inn fleire tiltak for å fordele smittinga over tid. H1N1 er eigentleg ikkje ein veldig smittsam sjukdom. Den kan bli overført frå munn til munn og fekal oralt. Det er viktig at folk vaskar hendene sine ofte og ikkje hostar og nys ope. Hygiene er viktig og denne influensaen kan bli ein god øving for framtida skulle det kome et nytt virus, seier Swensen.

Politisk side

– Den nye influensaen har blitt framstilt som ein unntakstilstand. Det har til og med blitt oppretta ein eigen influensatelefon. Noreg har bestilt vaksiner til alle og vel så det. Innan me får me får vaksinen har mange alt vore sjuke. Det er i hovudsak helsepersonell som vil få denne fyrst for å hindre sjukemeldingar i helsesektoren. Politikarane har òg vore mykje i media rundt denne saka, og det trur eg har noko å gjera med at det snart er stortingsval. Når det gjeld innkjøp av respiratorar trur eg ikkje dette er politisk motivert. Blir mange sjuke på samtidig kan me få bruk for desse, og det er for tidleg å seie om me får forsinka sjukdommen nok. Det er viktig å vera føre var, avsluttar Swensen.