Grunneigar Kjell Audun Ålandsli i Fyresdal meiner ei god løysing mot overbefolka fiskevatn er å gjere det lovleg å gå med lykt på bekken og lystre.
Grunneigar Kjell Audun Ålandsli i Fyresdal meiner ei god løysing mot overbefolka fiskevatn er å gjere det lovleg å gå med lykt på bekken og lystre.

– På høg tid å slutte med kalking

Grunneigar og fiskeinteresserte Kjell Audun Ålandsli i Fyresdal meiner ein må slutte å kalke for å få opp fiskestorleiken. Han har vurdert å nekte kalking i vatna sine. Ålandsli meiner den beste måten å få ned fiskebestanden på er å ta gytefisken når han er på veg oppover bekkane.

Kjell Audun Ålandsli, medlem i Birtedalen fiskarlag, er samd med nissedølen Jan Frode Pedersen om å slutte med all kalkinga som føregår.

– Det er absolutt på høg tid, elles har ein ikkje sjans til å få fisken opp att i storleik. Kalkestopp har eg og nokre andre i området masa om i fleire år. Som grunneigar var eg i fjor inne på tanken om å nekte kalking i vatna mine. Men huff, då hengjer du deg ut med mange, seier Ålandsli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessutan er det mykje mindre forureining no enn tidlegare, så det er ikkje behov for å pøse på med tonnevis av kalk i vatna. Det er bortkasta pengar, på den måten at med så mykje småfisk er det ikkje ein kvit mann som gidd å fiske, held han fram.

Leige folk til å fiske

Ålandsli har alltid vore glad i heia, men det er noko som ikkje er heilt som det skal vere når han tenkjer på all småfisken som er i vatna.

– Før var det moro å leggje garn, men no får ein bare småtteri. Ei helg i sommar fekk eg 400 fisk i Sandvatn innafor Øyarvatn ved Birtedalen. Bare 15 av fiskane var brukelege og vog 150-200 gram. Resten kasta eg. Noko seinare såg eg forresten at nokre sauer stod og åt av fiskane, slikt har eg aldri sett før, fortel fyresdølen.

Han meiner at i staden for kalk kan ein dele ut fiskegarn og bruke pengar på å leige folk til å fiske.

– Men beste måten å få ned fiskebestanden på er å ta gytefisken på veg inn i bekkane. Er han på veg ut att, har han gjort det han skulle. Det er bare tull å lage vandringshinder i bekkane, for då gottar fisken i sjølve vatnet i staden. Og det er nesten umogleg å få stengt bekkane, anna enn med garn. Vidare er det ikkje god nok løysing å ha bare ruser for å få opp aure. Han er veldig stadbunden, og det skal derfor mykje til for å få opp mange nok ved å bruke ruser, meiner Ålandsli.

– Einspora skrivebordsfolk

Han meiner å ha ei forklaring på kvifor det dukka opp mange storaurar i Nisser rett etter kalkinga. Han trur grunnen var at det blei pøsa på med så mykje kalk at det la seg som eit kvitt lag på botnen. Det gjorde at storfisken trekte opp. Etter kvart som vatnet blei stabilisert att, og kanskje også fordi det minka på maten, var storfisken tilbake på gamle trakter.

Ålandsli har liten sans for laurdagens utspel frå Tore Larsson, fylkessekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund Telemark, om at løysinga for å få større fisk er å fiske meir.

– Mange skrivebordsfolk er så einspora. Utspelet frå Larsson om å fiske meir for å rette på problemet er ein typisk skrivebordsreplikk og er så dumt å hevde. Han har ikkje peiling på kor mykje arbeid det er å fiske nok for å få bra fiskestorleik. Skrivebordsfolk må høyre meir på me som bur på landet og vandrar i heia. Dei må slutte å lage paragrafar om at det og det ikkje er lov, slike som blir tredde nedover hovudet på folk, oppmodar Ålandsli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ulovleg å bruke lykt under fiskinga, og ikkje kan ein bruke lyster. Me må få snudd denne trenden slik at folk kan gå på bekken og ta gytefisk. Det er ei god løysing mot overbefolka fiskevatn, avsluttar Kjell Audun Ålandsli.