På noregstoppen i straumbrot
Kent Jensby Sørensen ved Norsk Stenprodukt i Treungen meiner bygda ligg på noregstoppen i straumbrot. Straumen går når det er for varmt, når det bles, regner, snør og når det er for kaldt. Ein sommar hadde eg 300 straumbrot på ein månad. Det må vere ein eller annan grunnleggande feil med nettet eller anna, påstår han. Også andre bedriftsleiarar i Treungen påstår at det er mange og lange straumbrot i bygda, og det meiner dei er unødvendig. Vest-Telemark kraftlag vil undersøkje saka nærare, men presiserer at det i år ikkje har vore fleire straumbrot i Treungen enn andre stader i Vest-Telemark.
Kent Jensby Sørensen ved Norsk Stenprodukt har blitt ramma i årevis av mange straumbrot. Han kan forstå at det blir problem når torevêret kjem, men det er ikkje bare då straumen koplar ut i Treungen sentrum.
Straumen går når det er for varmt, når det bles, regner, snør og når det er for kaldt. Ein sommar hadde eg 300 straumbrot på ein månad. Treungen må liggje på landstoppen i straumbrot, trur Jensby Sørensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han undrar på kvifor bygda har alle desse straumbrota. Ein person frå Risør som var innom, fortalde at han ikkje kunne hugse at byen hadde hatt straumbrot.
Langt færre brot lenger sør
I triårsperioden 1989 til -92 sende Jensby Sørensen mange klager til everket. Svaret tilbake hugsar han var at bygda ikkje hadde fleire straumbrot enn andre stader.
Det må vere eit eller anna grunnleggande feil med nettet eller noko anna. I år har me også hatt mange straumbrot. Dei er ofte korte, men er irriterande for det. Me må starte maskiner på nytt. Det er mange irriterande småproblem som i verste fall kostar pengar og tapt arbeid. Ei av maskinene ved bedrifta køyrer me ikkje under torevêr. Går straumen så risikerer me at stein i maskina flyg gjennom lufta, fortel Jensby Sørensen.
Bustadhuset i Haugsjåsund får straum frå sør, og har bare ein brøkdel av dei straumbrota som er i Treungen. Jensby Sørensen skjønnar ikkje kva det er som gjer at straumbrota ligg i kø akkurat i sentrum.
Eg kan vel ikkje sende rekning til Vest-Telemark kraftlag (VTK) for tapa som kjem av straumbrota? VTK bør vere erstatningspliktig, det hadde vore rettferdig, men det får du aldri til, avsluttar Jensby Sørensen.
Måtte stenge
Sølvi Strand ved Tveitsund mat og vinstoge er fortvila over straumbrota, særleg når mange gjester ventar på maten dei har bestilt.
På det verste har det vore fullt av gjester her når straumen har gått. Me har byrja på maten, og har måtta kaste veldig mykje. Kundane må reise att. Dei forstår at det ikkje er vår skuld, men klart dei er skuffa. Me har måtta stenge, også om vinteren. Eg har aldri opplevd så mange straumbrot som i Treungen, ristar Strand på hovudet.
Straumbrota går også ut over temperaturen i kjøleskapet, og varene er ikkje til å bruke. Ein gong sist vinter vurderte Strand å bruke eigendelen på 10.000 kroner for å få forsikringa til å dekkje eit stort tap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er fortvila, men kva skal eg gjere då? Når det kjem svarte skyer over vestheia, veit me at straumen kjem til å gå. Det er kjipt, for det blir dyrt for oss. Kraftlaget har for dårleg opplegg, og det tek for lang tid før dei finn feila, meiner Strand.
Ho fortel om kaos når straumbrota slår ut minibanken like ved.
Me har ikkje kortterminal, men det er ikkje vits i heller, avsluttar Strand.
Bare tull
Ole Nordli, butikksjef ved Spar i Treungen, fortel at bedrifta kjøpte aggregat på grunn av alle straumbrota i bygda.
Aggregatet har me tent inn att mange gonger. Hadde det ikkje vore for aggregatet hadde det vore rein krise. Det er bare tull at det skal vere så mange straumbrot. Skjer slikt ein gong i byane er det ramaskrik. Her må me leve med det, sukkar Nordli.
Han trudde linjenettet var så godt utbygt at kraftlaget skulle kunne kople om og straks orden straum att.
Kraftlaget har folk, så det ligg ikkje på det. Det er tri måtar å mate inn straum på. Då er det ubrukeleg det me opplever. I Haugsjåsund der eg bur er det nesten aldri straumbrot, opplyser Nordli.
Tapa 30.000 kroner
Ei helg talde butikksjef Christian Flaten ved Coop Prix i Treungen seks straumbrot. Og straumen var lenge borte kvar gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein dag i førre veke gjorde straumbrotet at me tapa 30.000 kroner. Då straumen endeleg kom tilbake virka ikkje betalingsterminalen. Det har vore problem med mange straumbrot sidan butikken opna for fem år sidan. Dette er heilt på trynet, eg har aldri sett makan. Det er ikkje slik andre plassar. Kvifor tek det så lang tid før me får att straumen, undrar Flaten.
Vil gå gjennom rapportane
Ferien gjer at Vest-Telemark kraftlag (VTK) ikkje har dei rette folka på plass til å svare på all kritikken frå bedriftene i Treungen. Kjell Nordbø, driftsingeniør i VTK, seier til lokalavisa at dei vil gå gjennom rapportane for å sjå kva som har skjedd, når driftsleiinga er tilbake på jobb. Elles fortel Nordbø at det er same type nett i Treungen som andre stader, som svar på at somme trur det er noko gale på dette feltet.
Me har i sommar hatt kraftigare torevêr i Vest-Telemark enn på mange år. I år har ikkje Treungen vore verre plaga av straumbrot enn andre stader i Vest-Telemark, påstår Nordbø.
Dei som får desse straumbrota får sende klage til VTK, og ikkje snakke om synsing der dei meiner å ha tapa 30.000 kroner på ein dag, oppfordrar han.