– På Kviteseid omsorgsenter har pasientane det bra og får det dei har rett på, meiner einingsleiar ved KOS, Åse Gotuholt.
– På Kviteseid omsorgsenter har pasientane det bra og får det dei har rett på, meiner einingsleiar ved KOS, Åse Gotuholt.

– Pasientane har det bra på KOS

Avvik og merknadar gjer ikkje Kviteseid omsorgsenter (KOS) til nokon versting, meiner rådgjevar og revisjonsleiar Audhild Arnesen ved Helsetilsynet i Telemark. Einingsleiar ved KOS, Åse Gotuholt, fortel at dei fleste punkta alt er retta og at pasientane har det bra.

– Dei fleste avvik og merknadar som dei utsendte frå Helsetilsynet fann då dei tok Kviteseid omsorgsenter (KOS) under nærare augesyn er småting som alt er retta opp, fortel einingsleiar Åse Gotuholt ved KOS.

Ho meiner at dei fleste avvika er skrivebordsarbeid, og at dette nå er rydda opp i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På lista over avvika som tilsynet peikte på var det mellom anna mangelfull journalføring. Her er nå innhaldet av journalane samla med innhald frå lege, sjukepleiar og ulike vedtak under eitt. Slik det skal vere. Me har fått frist til 1. april om å gje melding om at alle avvik er retta, seier Gotuholt.

Ho er oppteken av å opplyse om at pasientane ved KOS, har det bra, og at dei får pleie, stell, oppfølging både frå sjukepleiarar og lege, slik dei har krav på.

Ingen versting

Det var i tida frå august til november 2005 at Helsetilsynet såg nærare på KOS og det vart gjort tilsyn med delar av helsetilbodet til dei eldre ved institusjonen.

Undersøkinga, som var sett saman av tilsyn og intervju, viste fem avvik og tri merknadar. Avvika gjekk mellom anna på at kommunen ikkje sikrar søkarens tenestebehov, at kommunen ikkje har etablert eige klageorgan for avslag om tildeling av helsehjelp og vurdering av pasientens samtykkekompetanse.

– Det var ingen spesiell grunn til at me valde Kviteseid, det var tilfeldig. Og talet på avvik og merknadar peikar seg heller ikkje ut, dei er ingen verstingar. KOS ynskjer ein dialog med oss for å få råd om korleis ein rettar desse avvika på beste måte, seier rådgjevar og revisjonsleiar Audhild Arnesen ved Helsetilsynet i Telemark.

Arnesen er mest oppteken av at avvika blir retta opp i ein prosess slik at alle blir innført i endringane, og fortel at omsorgstenesta i Tokke, Nissedal og Seljord skal i nærare augesyn dette året.

Inga skjerma avdeling

Ein av merknadane som vart gjort under tilsynet i Kviteseid var at KOS ikkje har eiga skjerma avdeling som er tilrettelagt for aldersdemente pasientar.

På KOS blir desse pasientane blanda i alle avdelingane, og ut frå journalen viser det seg at fleire pasientar blir karakterisert som demente. Dei tilsette på KOS som vart intervjua, påpeikte også eit behov for ei slik avdeling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart at me gjerne skulle ynskje oss ei eiga avdeling for demente pasientar, men det er ikkje økonomi til det i kommunen, seier einingsleiar ved KOS, Åse Gotuholt.

I samband med kvalitetsføreskrifta skal kommunen sikre at dei har tilbod tilrettelagt for personar med demens og andre som har vanskeleg for å formulere sine behov.

– Men det er ikkje eit myndigheitskrav at det skal vere ei skjerma eining, men ei slik avdeling vil leggje til rette for eit meir forsvarleg tenestetilbod til pasientar med aldersdemens. Fagleg sett burde sjølvsagt Kviteseid hatt eit slikt tilbod, uttalar Arnesen frå tilsynsgruppa.

Faglig uavhengig

Helsetilsynet i Telemark er tilsynsmyndigheit for alle helsetenestar og helsepersonell i

fylket, og det høyrer administrativt til fylkesmannsembetet. Som tilsynsmyndigheit er Helsetilsynet i Telemark fagleg uavhengig og direkte underlagt Statens helsetilsyn.