Politikarane nedprioriterer gamle i Mo
Politikarane skaltar og valtar med oss. Det er tydeleg at me er mindre verdt enn gamle andre stader i kommunen.
Det seier Aslaug Hansen, på vegne av mor si Malene Seltveit, Else og Halvor Rykkelid, Lars Nevestveit, Tone Haugo, Kari Håtveit og Margit Plassen i Mo. I fleire år har det vore tilsett ei husmor i 50 prosent stilling ved alderspensjonatet i bygda, men nå har Tokke-politikarane kutta stillinga.
Det er aldeles uhøyrt å kutte denne stillinga. Nå har me ikkje lenger ei husmor på pensjonatet som kan lage mat til oss. Det igjen betyr at me eldre ikkje har ein einaste samlingsplass i Mo, understrekar Else Rykkelid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er viljen det stend på
Rykkelid og resten av den eldre garde i Mo er i harnisk over Tokke-politikarane sine prioriteringar.
Politikarane gjer forskjell på oss gamle. Ved pensjonata i Lårdal og Høydalsmo held dei fram som før. Det er me som må li. Det er rett og slett småleg av politikarane å ikkje setje av midlar slik at me kan ha det godt og trygt på våre eldre dagar. Me er heilt sikre på at det er viljen det stend på. Det er klart det er pengar nok i kommunen. Det nye kulturhuset på Dalen kjem til å koste godt over 40 millionar. Då er det galskap å ikkje kunne ha råd til ein husmorvikar i halv stilling hjå oss. Denne gongen vil me protestere. Me er jamt så snille, men denne gongen vil me ikkje at politikarane skal utnytte oss, ytrar Rykkelid, Nevestveit, Haugo, Håtveit, Plassen og Hansen.
Dei meiner yngre menneske bør gje avkalla på nokre gode.
Ein må lure på om det er rett å drive alle desse ørsmå grendeskulane i Tokke år etter år. Kan hende er det på tide at dei yngre gjev avkall på noko dei òg, uttalar dei eldre i Mo.
Stimulerer kvarandre
Kvar måndag, onsdag og fredag har dei eldre i Mo hatt tilbod om middagsservering ved alderspensjonatet.
Middagen har vore veldig viktig for oss. Og ikkje minst har det sosiale vore gull verdt. Me stimulerer kvarandre på ulikt vis, rør saman, spelar spel og driv med handarbeid. Me slepp å sitje aleine heime og møter eldre i same situasjon, seier Else Rykkelid.
Det er tri leilegheiter i tilknyting til pensjonatet. To av tri bustader bur det folk i.
Mor bur i den eine leilegheita. For henne er det gull verdt å få servert middag tri gonger i veka. Ho kjenner seg veldig utrygg og er lei seg for at dette tilbodet nå forsvinn, seier Aslaug Hansen på vegne av mor si Malene Seltveit (94).
Artikkelen held fram under annonsen.
Avgjerd utifrå faglege vurderingar
VTB lykkast ikkje å kome i kontakt med Tokke-ordførar Birger Nygård i går, men varaordførar Olav Urbø uttalte seg i knappe ordelag.
Kvifor røysta partiet ditt for at husmorvikarstillinga i 50 prosent skulle kuttast?
Utifrå det eg kan hugse frå budsjettdebatten, tok me denne avgjerda utifrå faglege vurderingar. Framlegget gjekk ut på at denne stillinga ville kunne nyttast betre ved helsesenteret på Dalen. Og denne faglege vurderinga gjekk me for, kommenterer Urbø.
Kristeleg Folkeparti og Høgre røysta for at husmorstillinga ved alderspensjonatet skulle halde fram som før.
Skaltar og valtar med oss
Eva Tveito har arbeidd som husmorvikar ved alderpensjonatet i Mo. Ho fortel at ho ikkje har blitt informert om eiga stilling i løpet av prosessen.
Dette er heilt grusomt. Politikarane skaltar og valtar med oss. Nå har eg fengje oppgåver ved helsesenteret som helsa mi ikkje toler. Eg blei heller ikkje orientert i det heile i løpet av denne prosessen, uttalar ho.
Har stått tomt i to år
Den eine bustaden ved Mo Alderspensjonat har stått tom i to år. I fylgje dei eldre på Mo, har det vore fleire interessentar.
Det er fleire som har vore interesserte i bustaden, men kommunen har ikkje lyst han ut, konstaterer Else Rykkelid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein leilegheit kostar i overkant av 3.000 kroner i månaden, og Tokke kommune har såleis mista leigeinntekter på godt over 72.000 kroner i løpet av desse to åra.