I løpet av sommaren har dette skiltet kome opp på Straumøy.
I løpet av sommaren har dette skiltet kome opp på Straumøy.

– Skilt utan godkjenning kan ignorerast

På Straumøy i Vrådal har det i løpet av sommaren kome opp eit treskilt som fortel forbipasserande at øya er privat, at det ikkje er tillete å fiske, og at all passering over øya må skje på vegen. Det står ei hytte på øya, og hytte- og grunneigaren er lei av folk som tek seg til rette på tomta hans. Skiltet er ifylgje hytteeigaren sett opp i samråd med den andre grunneigaren på øya. Plansjef i Kviteseid kommune, Sveinung Seljås, seier at kommunen må vurdere om innhaldet i skiltet er lovleg, og dei må eventuelt godkjenne det. Viss ikkje kan det ignorerast.

Hytteeigar Geir Håkon Eikland frå Skien har ei hytte på den vesle øya Straumøy som ligg mellom to av slusene nedanfor skulen i Vrådal. Avstanden frå hytta og ned til vatnet er mindre enn 30 meter i alle retningar, og fortel litt om at dette er ei ganske lita øy.

Straumøy er eigd av to grunneigarar, nemleg Olav Roholdt og Geir Håkon Eikland. Sistnemnde er lei av at folk går rett ved hytteveggen. Derfor kom skiltet opp på stolpen til Kraftlaget som seier at Straumøy er ei privat øy, at fiske ikkje er tillete og at passering berre kan skje på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sist helg var det folk som plukka sopp rett ved sida av hytta vår. Elles er eg lei av folk som går heilt inntil hytta vår for å kome ned til vatnet på baksida for å fiske eller sette opp rebuspost. Når desse viser til at det ikkje står skilt om at tunet er privat, fann eg ut at eg var nøydd til å sette opp eit skilt med teksten desse etterlyser, seier Eikland som legg til at han ikkje har sett opp gjerde eller anna som markerar eigedomen.

– Tek seg til rette

Han ynskjer å presisere at dei aller fleste som passerar Straumøy er høflege og trivelege.

– Det er dessverre nokre som tek seg unødig til rette, men elles synest eg det er veldig triveleg når bygdefolket passerar og helsar eller kjem på besøk, fortel Eikland.

– Men har du søkt om å sette opp skiltet?

– Nei, eg har ikkje søkt om å sette opp ein treplanke, svarar Eikland, og legg til at treplanken er sett opp i forståing med Olav Roholdt, eigaren av den andre halvparten av øya.

– Når det gjeld teksten på skiltet, kan eg ikkje sjå at eg har fråteke nokon rettar utover at fisking ikkje lenger er tillete. Me har elles aldri gjeve noko generelt løyve til å nytte våre fiskerettar, seier Eikland.

– Rett til å regulere

Vegen forbi hytta til Eikland på Straumøy er regulert som turveg, og er open for ålmenta. Det aksepterar Eikland sjølv om området er privat eigd.

– At kommunen har regulert vegen til turveg og området som spesialområde for bevaring, avgrensar kva grunneigarane kan gjere i høve til vegstandard og endringar, men det fråtek ikkje eigedomsretten til grunneigarane og retten til å regulere den allmenne bruken, som til dømes å setje opp skilt, meiner Eikland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skiltet kan ignorerast

Plansjef i Kviteseid kommune, Sveinung Seljås, skjønar godt at Eikland ikkje vil ha folk rennande i tunet, men han seier at skiltet må godkjennast av kommunen for at det skal vere gyldig.

– Tomta er ikkje så stor, og eg har stor forståing for at grunneigaren ynskjer mindre trafikk i tunet. Når det er sagt, må me i dette tilfellet vurdere om innhaldet i skiltet kan vere i strid med føremålet i det regulerte området. Det er føresegner som regulerar slikt, mellom anna friluftslova. Elles er det også slik at skilt som ikkje er søknadspliktige må godkjennast av det offentlege, kommunen i dette tilfellet. Viss ikkje kan skiltet ignorerast, forklarer Seljås.

– Skilt provoserar

Seljås meiner det er uheldig at eit slikt skilt har kome opp sidan det provoserar folk som ferdast i området.

– Vegen forbi hytta til Eikland er regulert som turveg, og er open for ålmenta, derfor kan eg skjønne at skiltet kan virke provoserande for forbipasserande, seier Seljås.

Alle under 16 år kan fiske

Med omsyn til å forby fiske, seier Magne Skarprud i Kviteseid kommune at det er fritt fram for alle under 16 år å fiske kvar som helst så lenge det ikkje er som næring.

– Ingen kan i utgangspunktet nekte dei som er under 16 år å fiske, forklarer Skaprud som er miljø- og utvalskonsulent i kommunen.

Han meiner elles at det må vere ein balanse mellom privatlivets fred og måten folk oppfører seg på.

– Dette er ein klassisk konflikt, kommenterar Skarprud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Friluftslova:

Har til føremål å «verne friluftlivets naturgrunnlag og sikre ålmentas rett til ferdsel, opphald m.v. i naturen slik at høvet til å utøve friluftsliv som ein helsefremjande, trivselskapande og miljøvenleg fritidsaktivitet bevarast og fremjast.»

Lova definerar innmark og utmark, og regulerar forholdet mellom grunneigar og ålmenta, inkludert ferdsel på innmark og i utmark.

Friluftslova har føresegner om friluftsområde.

Friluftslova omhandlar mellom anna det som populært kallast allemannsretten.

Kjelde: Wikipedia