Varaordførar i Seljord, Jon Svartdal, leiar i Vest-Telemarkrådet, Kjell Gunnar Heggenes, leiar i Vest-Telemark næringsforum, Knut Inge Brekka Skoland og regionordførar Torstein Tveito reagerer på mykje av innhaldet i høyringsdokumentet for framtidige skuletilbod mot 2020.
Varaordførar i Seljord, Jon Svartdal, leiar i Vest-Telemarkrådet, Kjell Gunnar Heggenes, leiar i Vest-Telemark næringsforum, Knut Inge Brekka Skoland og regionordførar Torstein Tveito reagerer på mykje av innhaldet i høyringsdokumentet for framtidige skuletilbod mot 2020.

– Sniknedlegging og feil tal

Sniknedlegging av elektrolina på Dalen, feil tal og størst reduksjon i eit område der elevgrunnlaget er best, er nokre av elementa ei arbeidsgruppe for framtidig vidaregåande opplæring reagerer på.

Fylkestinget vedtok i desember å vidareføre elektrofagutdanninga ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, men då arbeidsgruppa som har arbeidd med vidaregåande skuletilbod mot 2020 i Telemark la fram sin tilrådde modell førre veke, viste den andre tankar.

– Utan å nemne det med ei setning er elektrolina på Dalen ute av skuletilbodet ved Vest-Telemark vidaregåande skule i den modellen som blir tilrådd. Det er sniknedlegging av eit skuletilbod elektrobransjen er opptekne av å ha, og det blir føreslege å leggje ned eit tilbod fylkestinget vedtok å bevare før jol, er varaordførar i Seljord, Jon Svartdal, regionordførar Torstein Tveito, leiar i Vest-Telemark næringsforum Knut Inge Brekka Skoland og leiar i Vest-Telemark næringsutvikling, Kjell Gunnar Heggenes samde om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei sit i nettverksgruppa der både politikarar og næringslivet i Vest-Telemark er representert. Gruppa er i gang med å lage eit høyringssvar som skal vidare til handsaming i Vest-Telemarkrådet.

– Me forstår at det er naudsynt å sjå på skulestrukturen, men skjønar ikkje kvifor det skal gå ut over distrikts-Telemark, seier Knut Inge Brekka Skoland.

27 millionar i skrivefeil

Medan intervjuet blir halde får Kjell Gunnar Heggenes ein telefon der gruppa blir orientert om ein avgjerande skrivefeil.

– I høyringsdokumentet står det at det vil vere naudsynt med ei investering på 30 millionar kroner i modellen som syner at elektrolina blir oppretthalde, medan det er ei investering på tre millionar kroner i dei andre modellane utan lina. Men nå blei eg orientert om at desse 30 millionane skal vere tre i alle alternativa, altså ein skrivefeil, seier Heggenes.

Stor arbeidsplass

Gruppa vil jobbe hardt for å behalde eksisterande studietilbod i Vest-Telemark, og passe på at det også blir slik i framtida.

– Lunde er også ein viktig studiestad for oss, seier Tveito.

– Om me mistar det vidaregåande skuletilbodet i Seljord, er det ikkje bare eit tap for elevane. Dette ville også vere alvorleg for Seljord kommune, skulen er ei hjørnesteinsbedrift med over 20 tilsette, fleire av dei bur lenger vest i regionen vår. Blir skulen lagt ned er eg redd det vil bli ståande som eit spøkelsesbygg, og det er urealistisk å selje det for 7,5 millionar kroner, seier Jon Svartdal.

Han meiner tala på strykelevar ved skulane i Vest-Telemark viser at det er gode skular som bør bli som dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– «Never change a winning team», seier Svartdal.

Treng ulike tilbod

I innleiinga av rapporten frå fylkeskommunen blir det vist til at det er eit mål at elevane skal kunne gå på skule i nærområdet og at færrast mogleg må flytte på hybel. Tveito meiner det er viktig å ta ansvar for dei elevane som ynskjer å gå på vidaregåande skule nær heimen.

– Det er ikkje alle som vil eller er klare for å flytte vekk på hybel når dei startar på vidaregåande. Og legg dei ned liner og skular snakkar dei mot seg sjølv, sidan fleire må på hybel, seier Tveito.

Gruppa fryktar ei framtid der det bare er ein type studietilbod att i regionen.

– Me treng tilbod om utdanning som vil rette seg mot det næringslivet treng. Og mistar me dei til utdanning utanfor regionen, trur me me mistar dei lettare for framtida også, meiner karane i gruppa.

– Dei har eit mantra i dokumentet om å vere robuste i framtida, men så strippar dei ned tilboda, seier Jon Svartdal.

– Den største forskjellen på innhaldet i arbeidsgruppas alternativ, er at endringane av skuletilbod handlar om ei rokkering i Grenland, medan i Vest-Telemark mistar me tilboda, held han fram.

Dei beste må ta støyten

Gruppa reagerer på at det er det inntaksområde med minst nedgang i elevtalet som må ta støyten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ville vore meir naturleg å kutte der nedgangen er størst. Kragerø/Bamble vil få ein nedgang på 20 prosent, Skien/Porsgrunn 17 prosent og tala for Vest-Telemark syner ein nedgang på 7 prosent, seier Svartdal oppgjeven.

Karane stiller spørjeteikn ved ein del av tala i rapporten.

– Me meiner det er mange tal som er feil, seier dei.

– Ein skulle tru at dei ikkje såg lenger enn til Fjærkilen, sukkar Torstein Tveito.

Knut Inge Brekka Skoland er også kritisk til rapportens presentasjon og resultat med tanke på næringslivet.

– Det verkar som om framtida til næringslivet i Telemark går rett nedover, og det er merkeleg at Fylkeskommunen kan meine det, seier Skoland.

Fryktar avgjerda er tatt

– Kva tenker de om høyringsdokumentet samla sett, trur de vedtaket alt er fatta?

– Me fryktar det, og ser dette som eit politisk dokument. Men det er vår plikt til å sjå, peike på feil, og gjere klart kvar elevnedgangen er størst, meiner gruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er stusseleg at det blir tatt tak i dei skulane som faktisk syter for at elevane kjem fram i livet. Gode skular der elevane blir sett og høyrd. Det er klart at det er lettare å falle ut av ein større skule, meiner Tveito.

Dette er saka

Høyringsdokumentet «Skoletilbudet 2020» inneheld analyser og forslag til ny organisering og tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane i Telemark fram mot 2020.

Innan 2020 blir det 1100 færre elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket på grunn av lågare fødselstal. Dette tyder 16 prosent færre elevar enn i dag.

Fylkestinget bad i juni 2012 administrasjonen om å greie ut tilbodsstrukturen i fylket, med særleg blikk på Skien, Porsgrunn og Midt-Telemark.

Dokumentet blei lagt fram på ein høyringskonferanse i Bø 25. januar 2013. Arbeidsgruppa som har jobba med dokumentet la fram fire ulike modellar om framtidig struktur, og tilrådde ein av desse der mellom anna Bø vidaregåande skule, avdeling Seljord, Lunde vidaregåande skule og elektrolina på Dalen blir lagt ned.

Høyringsfristen er 15. mars. Saka skal opp i ulike nemnder før det blir fatta eit endeleg vedtak om framtidas skulestruktur for vidaregåande utdanning i Telemark i fylkestinget 18. juni.

Beklagar feil i rapporten

Fylkesopplæringssjef Bjørn Larsen beklagar feila som er avdekka i høyringsdokumentet om vidaregåande skular i fylket. Til avisa Varden seier han at feil kan oppstå, men han avviser at det er bevisst politikk at alle feila går i disfavør av Vest-Telemark.

– Nei, nei, då ville eg hatt vond kjensle. Dessverre har det skjedd feil som rettast opp, seier Larsen til Varden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil ikkje kommentere kritikken om at nedre Telemark er overrepresentert i fylkeshuset.