Lensmann og driftseiningsleiar Torodd Aase i Seljord og politimeister Anne Rygh Pedersen varsla store omleggingar av polititenesta i Vest-Telemark då dei onsdag orienterte Vest-Telemarkrådet om framtida.
Lensmann og driftseiningsleiar Torodd Aase i Seljord og politimeister Anne Rygh Pedersen varsla store omleggingar av polititenesta i Vest-Telemark då dei onsdag orienterte Vest-Telemarkrådet om framtida.

– Vesttelane fortener betre polititeneste

– Me kan ikkje i framtida tilby vesttelane gårsdagens polititeneste. Politiressursane i regionen er så avgrensa at det etter kontortid berre er aktiv vakt om kvelden på fredag og laurdag. Mannskapsmangel gjer at pågripingar må utsetjast i fleire dagar. Difor må me gjere nokre grep, og då er samanslåing av lensmannskontor aktuelt, seier politimeister Anne Rygh Pedersen.

Onsdag orienterte politmeister Anne Rygh Pedersen og driftseiningsleiar for Vest- og Midt-Telemark, lensmann Torodd Aase i Seljord, Vest-Telemarkrådet (VTR) om dei endringane som kjem for polititenesta i Vest-Telemark.

– Mitt mål for igangsetting av endringane er 1. januar 2011. No greier me ut korleis politi- og lensmannsetaten skal organisere seg til beste for publikum. Førebels er det ikkje konkludert, seier Aase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det pågår no eit arbeid for å slå saman lenesmannskontora i Bø og Sauherad med kontor i Bø. I dag høyrer Seljord inn under politiet i Midt-Telemark. Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje utgjer Vest-Telemark. Nissedal høyrer under Vestmar som er styrt frå politistasjonen i Kragerø. Tinn, Hjartdal og Notodden høyrer under Aust-Telemark.

Politimeister Anne Rygh Pedersen seier at Telemark politidistrikt ynskjer å vere tydelege på dei endringane i polititenesta som kjem, og dei ynskjer innspel og ein open dialog fram til ei endeleg avgjerd kjem i løpet av neste år.

I rådet sa politimeisteren at ressurssituasjonen i Vest-Telemark er slik at politiet knapt har hovudet over vatnet. Det er ei dagleg utfordring å halde oppe beredskapen, særleg når politifolk er bundne opp med å halde ope lensmannskontor i kvar kommune.

Synleg politi

– Politiet bør bruke tida på å vere ute og snakke med folk. I dag skjer det kriminalitet som politiet ikkje veit om eller ser fordi me ikkje er synlege nok. Omreisande vinningskriminelle er eit aukande problem, og det vert også transportert mykje narkotika på E 134 mellom aust og vest. Me ynskjer å vere føre var, og då trengst det betre fleksibilitet på den måten politiet organiserer seg, fortalde politimeisteren til ordførarane i regionen.

Sentralt vil Telemark politidistrikt i år ta nokre grep. Leiinga av politiet skal vere kunnskapsbasert med grundige analysar i botn. Ei eiga kriminaleining skal vere felles for heile politidistriktet. Gjennom analysar og etterretning skal eininga kartleggje heile fylket. I tillegg kjem eit etterforskarteam som skal vere tilgjengeleg for heile politidistriktet.

– Eg kan forsikre at politiet også i framtida skal vere tilstades i alle kommunar og lokalmiljø. Lokalkunnskap er nemleg noko av det viktigaste politiet baserer arbeidet sitt på. Elles må me våge å ta ein runde på tryggleiksomgrepet slik folk flest opplever det. Er tryggleik eit offentleg kontor der det står politi på utsida eller å få hjelp av ein patrulje som faktisk kjem, undra Anne Rygh Pedersen.

Berre politi på dagtid

– Etter kontortid er polititenesta i Kviteseid, Fyresdal, Tokke og Vinje basert på såkalla reserveteneste. Det er ei slags tilkallingsvakt der politifolk som har fri, mot ei godtgjering kan rykke ut på overtid. Terskelen for å rykke ut vert ofte for høg sidan ein også må ha budsjettet i bakhovudet. I dag er det berre aktiv vakt i Vest-Telemark kveldane fredag og laurdag. Difor vil eg hevde at i dag leverer vi ikkje den polititenesta folk i Vest-Telemark har krav på, sa politimeisteren.

Lensmann Torodd Aase fortalde at ei felles tenesteordning for Vest-Telemark, Aust-Telemark og Midt-Telemark er ei løysing det no vert sett på, og som vil sikre solid døgnbemanning i heile distriktet utan bruk av reserveteneste. Køyring vil det verte for politipatruljane, men politiet vil vere til stades utanom kontortid på ein forsvarleg måte. Eit viktig poeng vil også vere at folk ikkje vil vite når politiet er på jobb om det vert slutt på reservetenesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stengde dører

Frå månadsskiftet er Tokke lensmannskontor på Dalen stengt to dagar i veka for å frigjere tid til etterforsking og andre oppdrag utanfor kontoret. Anne Rygh Pedersen varsla på VTR-møtet at dette er ei ordning som også kjem ved andre lensmannskontor. Ho understreka at politiet har så få folk å spele på at dei må unyttast i operativ teneste.

– Me har ikkje råd til at folk vert gåande på eit kontor og ventar på eventuelle oppdrag. Det politiet treng er å få folk ut blant publikum. Utfordringane står i kø, og me må få til radikale endringar, fortalde politimeisteren.

Sjølv om ingen kort er lagt, ligg det i korta at Vest-Telemark og Midt-Telemark vert ei politieining. Vidare er det ikkje usannsynleg at Seljord og Kviteseid vert eitt lensmannskontor, Tokke og Vinje eitt, og at lensmannskontoret i Fyresdal vert stengt og underlagt eit styrka kontor i Nissedal som vert flytta frå Vestmar driftseining til ei eining for Vest- og Midt-Telemark.

Politiske prosessar

Regionordførar Olav Urbø nemnde i ordskiftet nærleiken til politiet, og gav uttrykk for at ein har flinke politifolk i Vest-Telemark. Han var glad for at det vert snakka om politiske prosessar i samband med omlegginga av lensmannskontora og polititenesta i distrikta.

Ordførar Torstein Tveito i Kviteseid hevda at ein i organiseringa av politiet må leggje større vekt på responstida enn nærleiken til eit lensmannskontor for innbyggjarane.

Avslutningsvis vedgjekk politimeisteren at det er mange dilemma når ein for å skape betre polititeneste må å rive ned gamle grenser.

– Stortinget og regjeringa er det største hinderet når det gjeld ny inndeling av Telemark politidistrikt, meinte politimeisteren.