100 brannmenn under same paraply
Vest-Telemarkrådet (VTR) sluttar seg til ein rapport om å få eit felles brannvesen i regionen.
Det eksisterande brannvernsamarbeidet i Vest-Telemark omhandlar felles brannsjef og brannførebyggjande arbeid for dei seks kommunane i regionen. I tillegg er samarbeidet utvida til også å gjelde feiing.
Våren 2010 vedtok VTR å få ei utgreiing om felles brannvesen for kommunane i Vest-Telemark. Det vil seie at også beredskapsarbeidet i brannvernet var tenkt inn i dagens interkommunale selskap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei prosjektgruppe har hatt med seg ein konsulent for å sjå nærare på saka. Tysdag orienterte Vinje-rådmann og medlem i gruppa, Hans Kristian Lehmann, VTR om ein rapport som er laga. Lehmann slo fyrst fast at tilbakemeldingane på dagens interkommunale brannvernsamarbeid er veldig bra.
Kostar nye køyretøy
Rapporten konkluderer med å tilrå ei utviding av brannvernsamarbeidet til også å gjelde brannberedskapen i dei seks kommunane. Det er forslag om å halde fram med dagens vaktordningar og talet på brannmannskap inntil ei ny felles risiko- og sårbaranalyse er gjennomført.
Vidare er tanken at kommunane sjølve skal eige brannstasjonane sine, og dekkje drifta og vedlikehaldet av dei. Fellesbrannvesenet dekkjer kostnader til investering i køyretøy og anna materiell, og drift og vedlikehald av desse. Rapporten viser vidare modellar for kostnadsfordeling. Det er gjennomført ein takst av køyretøy og utstyr, og prognosar som viser venta utrykkingar i kvar kommune. Elles konstaterer ein at det ikkje vil vere trong for store investeringar i brannstasjonar dei næraste åra.
Det er også meininga å opprette ei 100 prosent stilling som beredskapsleiar for det interkommunale brannvernet i regionen som har rundt 14.250 innbyggjarar. For at ikkje heile kostnaden for den nye stillinga skal auke kostnadene kommunane har til brannvern, er tanken at dei som sit med ansvarsområdet i dag får andre oppgåver i kommunane. Rapporten meiner den nye samarbeidsløysinga vil få små økonomiske konsekvensar totalt sett for kommunane.
Positive konsekvensar
Det blir vist til at eit felles brannvesen vil gje positive beredskapskonsekvensar. Ved å samle alle under ei leiing blir det enklare å koordinere dei samla ressursane i regionen, og å nytte ressursane uavhengig av kommunegrenser. Dette sjølv om ein i dag har samarbeidsavtaler mellom somme av kommunane om å hjelpe kvarandre ved behov.
På den faglege sida blir det også ein fordel med samarbeid. Det gjeld til dømes øvingar, kurs, helse, miljø og tryggleik og internkontroll.
Ei ulempe med stort brannvernsamarbeid er at leiinga ikkje vil kjenne mannskapa ved dei lokale brannstasjonane, men det vil hjelpe ved å ha felles øvingar. Ei slik løysing er også viktig med tanke på kommunikasjon.
Eit felles brannvesen må satse på å byggje opp ein god og tilfredsstillande kompetanse hos både dei lokale utrykkingsleiarane og brannkonstablane, påpeikar rapporten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framover ser ein som alternativ at dei som deltek i brannvesenet held fram med å vere tilsette i kommunen, eller alle kan bli overførte til det interkommunale selskapet.
Saka om eit felles brannvern i Vest-Telemark skal handsamast av dagens kommunestyre i kommunane. Kanskje kan oppstarten av den nyaste samarbeidsløysinga i regionen skje ved nyttår.