Snorre Gregersen (t.v., 14), Sigve Haugarne (14), Johan Romtveit (11), Sveinung Vågslid (12), Jakob Bratland Nilsen (12) og Elise Olsen Gunvaldjord (14) rocka seg vidare til fylkesmønstringa.
Snorre Gregersen (t.v., 14), Sigve Haugarne (14), Johan Romtveit (11), Sveinung Vågslid (12), Jakob Bratland Nilsen (12) og Elise Olsen Gunvaldjord (14) rocka seg vidare til fylkesmønstringa.

115 unge deltok på mønstring

På ungdomens kulturmønstring i Vinjehuset laurdag var det heile 33 sceneinnslag og 27 kunstinnslag.

Alle sceneinnslaga og dei fleste kunstinnslaga på ungdomens kulturmønstring (UKM) i Vinjehuset laurdagskvelden kom frå unge i ulike delar av Vinje kommune.

Fire ungdomar frå Tokke møtte i Åmot med sin kunst for å vere med på tevlinga om å kome vidare til fylkesmønstringa. To av dei er på plass i utstillingslokalet i god tid før sceneinnslaga startar. Tolvåringane Tone Elise Svalastog Kollberg og Aina Burgos Lillegård har laga smykke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har jobba lenge med dei, og det har vore moro, seier jentene.

Fri og glad på scena

To andre som har stått på med oppgåva si ei stund er tolvåringane Alfhild Kleven og Ane Slåtta frå Vinje. Båe er teaterelevar i kulturskulen, og har tatt på seg rolla med å vere konferansierar for sceneinnslaga på UKM.

– Eg føler meg veldig fri og glad når eg står framom publikum. Det kriblar litt i magen nå, men eg er ikkje nervøs, bare litt rett før me skal starte, seier Kleven.

Også Slåtta likar rolla ho skal ha.

– Det er veldig gøy å snakke framom folk og uttrykke seg på ein spesiell måte. Det skal eg gjere i dag. Når eg skal byrje er eg litt nervøs, men det går over, seier Slåtta kvarteret før jentene skal i elden.

– Me føler at me har kontroll, seier dei.

Båe synest det hadde vore kult å blitt med til fylkesmønstringa, men dei er ikkje gamle nok. At jentene er unge hadde i alle fall ikkje noko å seie for gjennomføringa som konferansierar, for den rolla bestod dei med glans.

På scena var det mange ulike innslag; nokre band, dans, novellelesing, piano, gitar, hardingfele, kveding, visesong, country og solistar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjempemoro

Ein av dei vaksne som er med og hjelper for å arrangere UKM er Anders Blystad, rektor i Vinje kulturskule. Dei siste åra har 110–120 unge delteke på den lokale mønstringa, og denne gongen er talet 115.

– I forhold til folketalet er me blant dei kommunane i landet som har størst deltaking i UKM. Det er gøy, kjempemoro. Og eg trur aldri me har hatt så stor kunstutstilling som i år, seier Blystad.

Han fortel at dei tre skulane i kommunen har vore flinke til å motivere elevane for å vere med i UKM, og det har gjeve resultat – ein fin auke i kunstinnslaga.

Denne sesongen er det 130 elevar i Vinje kulturskule, og minst halvparten av dei deltek i UKM.

– Viss det ikkje hadde vore kulturskule i Vinje, kor mange hadde då vore med i UKM?

– Det er eit godt spørsmål. Kulturskulen er viktig premissleverandør til UKM, svarar Blystad.

Vidare til fylkesmønstringa:

* Maren Johnsen Haugen (14), vokal og gitar.

* Ingrid Nordstoga (13), novelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bandet Burn med Snorre Gregersen (14), Sigve Haugarne (14), Johan Romtveit (11), Sveinung Vågslid (12), Jakob Bratland Nilsen (12) og Elise Olsen Gunvaldjord (14).

* Irmelin Trøite (vokal) og Halvor Edland (flygel), båe 17 år.

* Camilla Tvitekkja Bergland (15), song.

* 4Use, Andrea Lyngestad (15), Anne-Lise Dalen Bråstøyl (17), Bjørn Lofthus (15), Greta Lamsodyte (18), Irmelin Trøite (17), Laurynas Lamsodis (13) og Oda Sandvik (15).

Kunstinnslag:

* Tine Orum Sandøy (16). Kontraster, akryl på lerret.

* Oresta Amonovaite (17). Dreams, akrylmåling på lerret.

* Saule Jonusaite (14). Speil.

* Halvor Hove (16). Sumar på Møsstrond, akrylmåleri på lerret.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Johanne Killingtveit (14). The big red head, gipsmaske på treplate.

Kunstinnslag frå Tokke:

* Aina Burgos Lillegård (12). Drømmefanger, anheng.

* Leonora Dam Lang (16). Aleine, akryl.

* Tone Elise Svalastog Kollberg (12). Rovfugl.