1275 frå Vest-Telemark i trussamfunn utanfor kyrkja
Kvar tiande vesttele var medlemmar i andre trusog livssynssamfunn enn Den norske kyrkje ved inngangen til 2017. Det viser ei ny oversikt frå statistisk sentralbyrå.
Det finst mange ulike trusretningar i Noreg i dag. Prosentdelen av medlemmar i trussamfunn utanfor den norske kyrkje aukar stadig. Human-Etisk forbund kjem ut øvst på lista over medlemmar i trusog livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkje i landet. har 143 medlemmar frå Vest-Telemark.
Lågare enn landsgjennomsnittet
Artikkelen held fram under annonsen.
Generelt ligg Vest-Telemark lågt i forhold til landsgjennomsnittet. Her er altså fleire medlem av Den norske kyrkje eller ikkje medlem i nokon religiøs organisasjon. Blant dei 428 kommunane i Noreg finn vi Seljord på ein 72. plass, med 340 personar, som er 11,4 prosent av innbyggjarane. Nissedal er ikkje så langt unna, med 146 personar og 9,9 prosent. Det gjer ein 96. plass i Noreg. Fyresdal har færrast medlemmar, med 70 personar, som er 5,3 prosent av alle i kommunen. Det blir premiert med ein 272. plass, som òg er sist i Telemark.
Denne tabellen er ei kommune-rangering, og prosentdelen må sjåast i den samanhengen. Storbyar trekker delen godt opp, og det er faktisk berre 59 kommunar som har større del enn det norske snittet på 11,8 prosent. Eksempelvis er delen i Oslo oppe i heile 22 prosent, noko som naturlegvis påverkar landsgjennomsnittet.
Pinseretning, men ikkje pinserørsle
Det finst fleire ulike kristne trussamfunn i Noreg, og eitt av desse er Maran Ata, som arrangerte landsstemne på Dyrskuplassen i Seljord tidlegare i juli. Haakon Martinsen er fast evangelist i Maran Ata i Oslo, og tala på stemnet. Som liten gut var han med i Frelsesarmeen, men då han blei eldre endra ting seg.
– Eg hamna utanfor i ein periode, og gjorde fleire ting som ikkje var bra, fortel han.
– Men så møtte eg Jesus, og byrja å gå på møte hos Dei Frie Evangeliske Forsamlingane. Her møtte eg nokre Maran Ata-folk, og dei inviterte meg på møte.
Vidare fortel han at det er noko heilt spesielt med Maran Ata.
– Maran Ata braut ut frå pinserørsla, og ein kan seie at forsamlinga ligg innanfor pinseretninga. Maran Ata tyder «vår herre kjem», og er eit vekkingsrop. Me skal vere klare til den dagen Jesus kjem attende. Det eg ser på som unikt for dette trussamfunnet er musikken spesielt, men òg kvaliteten på bibelundervisninga. Musikken er tradisjonell, og med mykje bra innhald, meiner Martinsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den største forskjellen på pinseretninga og kyrkja er kanskje dåpssynet. I kyrkja blir ein døypt som born. Me praktiserer truande dåp, altså at ein sjølv vel å bli døypt, med full neddykking. Borna får velsigning når dei er små, slik som Jesus gjorde då han tok borna på fanget.
– Sjølv ser eg på Gud som ein heilag Gud som ingen kan nærme seg. Det er berre på grunn av Jesus, vår frelsar, at me kan komme nær Gud. Han er vår avløysar. Jesus er vegen til Gud, og det er han som døyde for oss, seier Martinsen.
Livssynsorganisasjon
Human-Etisk Forbund er den religiøse organisasjonen i Noreg, utanom Den norske kyrkje, med flest medlemmar. Per Atle Einan frå Bø er styremedlem i fylkeslaget til Human-Etisk Forbund. Han er agnostikar. Som ungdom leita han etter svar, og i diskusjon med andre høyrde han om Human-Etisk forbund. Han kjende seg att i det dei stod for, og meldte seg inn.
– Human-Etisk Forbund har lenge gjort ein særs viktig jobb for at staten skal vere religionsnøytral, og ikkje gje nokon religionar spesialbehandling. Dei held også alternative ikkje-religiøse seremoniar, fortel Einan.
Hans eigne verdiar er tydelege.
– Eg meiner alle bør oppføre seg ordentleg. Alle fortener respekt – alle er menneske på same nivå. Kva slags meiningar, religion eller etnisitet du har skal ikkje ha noko å seie for korleis du vert behandla. Og ingen skal kunne gje seg sjølve rettar utan at andre skal ha dei same rettane, avsluttar Einan.
Nytt forslag blir utarbeidd
Regjeringa har uttalt at ein skal utarbeide ein heilskapleg lov for trusog livssynssamfunn. Ei ny lov vil omfatte lovgjeving og finansieringsordningar for Den norske kyrkje og andre trusog livssynsamfunn, og forslaget skal etter planen bli sendt på høyring i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medlemmar frå Telemark i trus- og livssynsamfunn utanfor Den norske kyrkje
Største trussamfunn i Noreg utanfor Den norske kyrkje
2016, kjelde: SSB