15 år sidan
Einar Leiv Søreide er oppteken av bokstavar som står loddrett og vassrett. I dag har han kryssord nummer 500 i VTB. Gutenamn på fem bokstavar vassrett, hmm, og den tredje bokstaven er ein «n». Kan det vere Einar? Ja, det passar med synonym for «utveg» som blir «løysing» i den loddrette rekkja. Einar Leiv Søreide har i dag sitt 500. kryssord i VTB, og har produsert kryssord for avisa i elleve år. Men kryssordmakaren vil ikkje leggje pennen ned av den grunn. Einar vaks opp i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Etter fire år på lærarskulen i Bergen, jobba han nokre år som lærar. I 1987 flytta han til Kviteseid og starta å jobbe på PPD, nå PPT for Vest-Telemark (Pedagogisk psykologisk teneste). Ei interkommunal bedrift som hjelper elevar med ulike problem på skulen i samarbeid med lærar og føresette. Det er eit spanande arbeidsmiljø og eit interkommunalt samarbeid som fungerer svært godt, seier han.
– Eg føler meg interkommunal frå 08.00 til 15.30 etter det er eg kvitseiding, seier han med eit stort smil. Einar føler at Kviteseid er ein kommune som tar godt imot innflyttarar. Han trur også at det er lettare å bli kjent med bygda og det som skjer om ein er med i ulike lag, og i politikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er sogning, men føler meg som kviteseiding, ler han. Kviteseid som bygd, har ein stor kvalitet med at folk stiller opp for kvarandre, meiner Einar. Når du treng nokon, stiller folk opp. Den hjartevarmen eg møtte frå folk som støtta meg etter eg mista kona mi har gjort at eg har blitt enno gladare i Kviteseid, seier han alvorleg.