15-åring vann solistpris
I skarp konkurranse med vaksne musikarar vann nissedølen Lars Ove Borstad (15) solistprisen under mini-EM i brassband. Trombonisten busett på Fjone ser ikkje bort frå at han endar opp som musikar på heiltid.
Lars Ove Borstad har vore med i Nissedal hornmusikk i seks år. Då han for to år sidan tok med seg trombona si på sommarkurs på Kvitsund, kom nokre jenter frå Grenland og ville ha han med i ungdomsbrassbandet der.
Tri helger i halvåret tek 15-åringen turen til øvingar med Grenland ungdomsbrassband. Også Anne Dahle frå Fjone har blitt med i bandet, i tillegg til at ho spelar i Nissedal hornmusikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to nissedølane er med i eitt av to ungdomsbrassband i heile Noreg. Bandet i Grenland har 35 høgt engasjerte og dyktige musikarar frå Telemark, Agder og Vestfold.
Prøvespel ventar
Borstad har nettopp delteke på Grenland International Brass Festival. 20 korps frå 5 nasjonar var samla i Skien til konkurransar og sosialt samvære. Etter ei flott framføring av tradjazzlåten «I remember Clifford» vann 15-åring solistprisen i 3. divisjon, ei klasse der han kjempa også mot vaksne.
Det var uventa og eg blei veldig glad då eg vann. Og det kom stor jubel frå dei andre musikantane i bandet, fortel Borstad.
Dette må vere noko av det største eg har vore med på, held han fram om ei tevling som blir sett på som mini-EM i brassband.
Borstad gjev seg ikkje med dette. Planen no er å prøvespele for Barratt Due, ein veldig bra skule i Oslo. Om han kjem inn der, kan ein samanlikne det med ein idrettsutøvar som kjem på landslaget. Eit ja frå skulen tyder at Borstad må ta turen til Oslo ei helg i månaden.
Dette gjer eg for musikkens skuld og min eigen del, seier Borstad.
Byter korps
Til hausten sluttar han i Nissedal hornmusikk for å byrje i Eidanger pike- og guttekorps.
Der får eg endå betre utvikling, og miljøet er veldig bra, veit niandeklassingen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og kva skjer så vidare med musikktalentet?
Kanskje blir eg musikar på heiltid, eg skal ikkje utelukke det, avsluttar Lars Ove Borstad.