15 tilsette ved full drift
I Fyresdal kommune gler ein seg over at det kjem ei ny bedrift. Framlegget er å løyve 400.000 kroner til Skreosen-etableringa med opptil 15 arbeidsplassar på sikt.
Endeleg får me ei ny industrisak som gjev sysselsetting, jublar næringssjef Edvard Nesland i Fyresdal.
Torsdag skal næringsfondsstyret i Fyresdal seie sitt rundt ei innstilling om å løyve 400.000 kroner til Skreosen Eigedom. Tilskotet skal gå til å etablere ei bedrift i industribygget i Skreosen. Der skal det produserast trebaserte utandørs leikeapparat og aktivitetsløyper for sal i heile Noreg, og kanskje også Danmark og Sverige.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den føreslåtte kommunale totalløyvinga er sett saman av 140.000 kroner i utviklingstilskot, 190.000 kroner til marknadsføring og 70.000 kroner i etablerarstøtte og opplæringstilskot. Skreosen Eigedom har søkt om 1,5 millionar kroner i samla støtte frå Fyresdal kommune, Innovasjon Noreg og Telemark utviklingsfond.
Eg har god tru på at Skreosen Eigedom får det som er søkt om totalt sett, seier Nesland.
Rekruttering frå regionen
Skreosen eig industribygget og produksjonsutstyret der Lek & Sikkerhet AS (tidlegare Sauland Lek & Sikkerhet AS) i ei årrekkje har halde til. Det blei produsert leikeapparat, og salet gjekk veldig bra.
I 2006 inngjekk Lek & Sikkerhet AS ei samarbeidsavtale med den danske verksemda Kompan AS. Sistnemnde ville nytte konseptet i Fyresdal-verksemda til å styrkje posisjonen i Skandinavia og sal elles i Europa. I fjor endra Kompan AS marknadsstrategi, som førte til at tilsette i Fyresdal blei sagt opp. Det same blei leigeavtala for produksjonsanlegget i Skreosen, og oppseiingstida er ute komande september.
Då er lokalet på 1,1 dekar ledig, det same er maskiner og utstyr som blir tilpassa den planlagde nye drifta ved å bli oppgraderte. Vidare blir eit lagertelt på 600 kvadratmeter disponibelt. Heile anlegget har dei siste åra sysselsett 36 personar, men har kapasitet til å ha opptil 15 tilsett.
Innan 5 år er planen at 1011 arbeidarar er på plass i lokala. Ved oppstarten til hausten vil det vere 23 tilsette i ein periode med utvikling og bygging av prototypar.
I tillegg til Fyresdal vil det vere naturleg å rekruttere tilsette frå både Tokke, Kviteseid og Nissedal. Dette er heilt i tråd med regional næringsplan der Vest-Telemark skal sjåast på som eit felles bu- og arbeidsområde. Dessutan kan det bli aktuell arbeidsplass for potensielle innflyttarar i rekrutteringsprosjektet, seier Nesland.
3,5 millionar
Ei annan positiv side han ser er at den nye bedrifta vil ha ein sosial profil, og ynskjer derfor samarbeid med kommunen, Nav og Telemark Lys. Sistnemnde kan kome til å hjelpe Skreosen-verksemda med diverse produksjon, det same kan kome til å gjelde andre lokale underleverandørar.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg påpeikar Nesland at salet vil skje gjennom forhandlarnettet som Lek & Sikkerhet AS tidlegare nytta og som fungerte svært godt.
Nyetableringa har eit kapitalbehov på 3,5 millionar kroner, og 1 million er då eigenkapital og lån. Vidare er 1 million ført opp som aksjekapital, noko Nesland meiner er ein styrke.
Det reduserer behovet for lånefinansiering med tilhøyrande kapitalkostnader, og syner at eigaren har stor tru på prosjektet, meiner næringssjefen.
Sterkt behov
Når han ser tilbake på dei siste åra innan næring i Fyresdal, oppsummerer han perioden som både òg. Telemark Kildevann har hatt ei kjempepositiv utvikling. På minussida er mellom anna konkursen i anleggsfirmaet Bondal AS, meieriet og hotellet.
Me har hatt ein del jobb som ikkje har gjeve synlege resultat. No har kommunen fått den største søknaden sidan Telemark Kildevann fekk tilskot på 550.000 kroner for 2,5 år sidan. I Skreosen blir det eit sjeldan høve i Fyresdal til å få i gang industriaktivitet av litt omfang, med beskjeden risiko. Regionen har eit sterkt behov for denne type arbeidsplassar, avsluttar næringssjefen i Fyresdal.
Skreosen Eigedom AS er eig av holdingselskapet Bildsten AS. Det var Lars Bildsten som dreiv Lek & Sikkerhet AS, og som no vil etablere eit nytt selskap i Skerosen med prosjektnamn Aktiv Lek. Prosjektet er sett i gang med assistanse frå Innovasjon Noreg.
Den nye verksemda reknar med underskot både i år og neste år. Etter fem år er det budsjettert med 30 millionar kroner i salsinntekter. Overskotet er rekna til 3 millionar kroner.