2-0 blei til 3-4
Seljord såg ut til å gå mot ein sterk siger mot Snøgg laurdag, men måtte sjå at tomålsleiinga blei snudd til tap. Med ny hovudtribune på Eventyrøy på plass tok Seljord leiinga 2-0. Gjestene frå Notodden snudde til 3-2, før Seljord utlikna. Men det var Snøgg som fekk med seg alle dei tre poenga frå 6. divisjonsoppgjeret. Nicklas Signebøen (2) og Martin Listaul skåra for Seljord.
Seljord har fire poeng. Tre av desse kom fordi motstandaren ikkje kunne møte. Men det har vore mykje stong ut og marginar imot for seljordingane denne sesongen. Med unntak av kampen mot Skarphedin 2 (tap 1-8) kunne det blitt både eitt og tre poeng i alle kampane. Truleg er sentrale spelarar som kaptein Erik Osmancevic, og dei to viktige offensive brikkene Jan Inge Rygh og Petter Homman tilbake til neste kamp, borte mot Kragerø til laurdag. Det er ikkje Øyvind Oland som er kneoperert og ute fram til hausten.