25 innslag frå unge nissedølar
Rundt 50 elevar frå Nissedal kulturskule stod bak 25 innslag på ein konsert i Treungen sist fredag. Seks av innslaga var med i UKM, og fleire av dei blir å sjå på fylkesfestivalen.
Som det er gjort dei siste åra var det også denne gongen kulturskulekonsert og UKM samtidig for unge nissedølar. Og som det plar vere på desse arrangementa, var det også sist fredag fullt med publikum i fleirbrukshuset i Treungen.
Like etter skuleslutt konsertfredagen nytta 40 unge tilbodet om felles mat, kino og å kunne ta turen innom ungdomsklubben før dei skulle på scena.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tilbodet etter skuleslutt er for å gjere meir ut av det enn bare tre minuttar på scena, seier kulturskulerektor og -lærar Rune Sanden.
75 prosent De-Sverres
Unge Knut Haugsjå var konferansier under kveldsarrangementet.
– Det gjekk veldig bra. Han går til fylkesfestivalen, seier Sanden, om det som før heitte fylkesmønstringa for dei som hadde gått vidare frå lokale UKM-arrangement.
Andre nissedølar som gjekk vidare er bandet De-Sverres, kalla opp etter ein av artistane, Sverre Kornmo Enger. Det blei annonsert at han dessverre ikkje kunne kome på grunn av deltaking i landsrenn i skiskyting. Men resten av bandet, med Vibeke Homme og Elias og Isak Vee Tveit, tok seg av innsatsen på den lokale scena.
Gruppa AC/PC med Mia Espelid, Frantz Berggren, Johannes Grundt og Roger Mei kan også førebu seg til fylkesfestivalen. Der møter Mia Espelid også med eitt eige innslag – song og pianospel.
– Innslaga frå scena og kvelden var kjempebra. Dei unge synest det var gøy, sjølv om det kan vere skummelt å stå på scena. Så er det kjempesmil når dei er ferdige og går av, seier Sanden.