30 år i nærbutikk er snart over
Dei to drivarane av Fjone landhandel håpar andre vil overta når båe snart gjev seg. Ragnhild Haugstøl har lika jobben i alle dei 30 åra ho har jobba der.
På veggen utanfor Fjone landhandel i Nissedal kommune har det i ein månad hange ein plakat med spørsmål om nokon kan tenkje seg å overta drifta av det lokale tilbodet.
– Me har ikkje fått napp ennå, seier Ragnhild Haugstøyl (64).
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho var med og starta nærbutikken for 30 år sidan, og har dei siste ti åra eigd han saman med arbeidskollega Laila Heimdal. Snart sluttar båe i butikken.
– Eg har rett og slett lyst til å pensjonere meg, seier Haugstøyl.
Ein koseleg jobb
Både ho og Heimdal håpar nokon vil overta butikken.
– For det blir veldig stusseleg ikkje å ha butikk her, seier Haugstøyl.
Ho er klar over at om det hadde vore meir lønsamt å drive ein slik nærbutikk, ville det ha vore lettare å få nye drivarar.
– Dette er ikkje ein veldig lønsam jobb. Alle små utkantbutikkar blir drive mykje på idealisme, seier Haugstøyl.
Men så vil ho påpeike noko vesentleg ved å ha eit slikt arbeid.
– Jobben er koseleg, og eg har trivast i alle år. Det beste med jobben er å treffe hyggjelege folk, og dei er det mange av oppi her. Vidare er det veldig sosialt, og butikken har ein kaffikrok der me løyser mange verdsproblem. Og så er det turistinformasjon her, seier Haugstøyl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tyngre å starte opp att om han blir lagt ned
Om rundt eit par månader kan butikken bli stengt, om det ikkje dukkar opp andre som vil drive han vidare.
– Me har veldig lyst til at andre overtek i det me sluttar. Det er tyngre å starte opp att om butikken har vore lagt ned ei stund, seier Haugstøyl.
– Kunne det dukka opp ein engel hadde det vore kjempebra. Eg kan aldri tru det blir ein upris for bygget og butikken, held ho fram.
Det blir ikkje bare bare å slutte etter så lang tid i ein triveleg jobb.
– Eg kjem til å sakne veldig det å treffe mange folk, avsluttar Haugstøyl.