30 år sidan
Les meir på VTB.no
«Yngstemann» på jaktlaget i Mjaugedalstraktene i Fjågesund i år er 18 år gamle Elin Kjartansdottir. Den jaktgalne jenta har vore med på elgjakt tidlegare, men berre som drivar. I år var ho på post med børsa mellom nevane for fyrste gong, og ho blei ein av dei som fekk lagt ned full kvote på andre drevet laurdag. – No føler eg meg som eit fullverdig medlem av laget, sa Elin, som felte elgen frå ca. 100-150 meters hald. Vel 250 kilo vog oksen, og geviret med tre taggar ligg heime hjå jegeren sjov. – Elgen ramla etter fyrste skotet, fortell Elin, men den reiste seg før ho fekk ladd om. Like før den forsvann over opp i lia fekk ho sendt eit nytt skot i veg, men elgen datt ikkje med det same. Eg var redd eg hadde skamskjote oksen, men me fann han att berre 20 meter på andre sida av haugen, seier ein lukkeleg Elin.
Gunnar Grødum i Snarteland/Taraldlien jaktlag i Fyresdal tek kaka i årets elgjakt på dei kantar. I helga kom okse, ku og kalv gjennom skogen, og Grødum skaut likegodt alle tre. I tillegg skaut han ein okse fyrste jaktdagen, og med kyri som Kåre Tovslid la nedpå, var kvoten fylt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kviteseids jentelag i 3.divisjon damer – Vest-Telemarks gladaste – held saman i tjukt og tynt. Laurdag var det dugnad i jordepleåkeren til Kristine og Ole Brauti i Tveitgrend, og lagkameratane til Kristine stilte sjølvsagt opp – med oppmann Astrid Folkestad i brodden. Seriesesongen vart avslutta med ein glimrande haustsesong – så positiv at jentene har takka ja til invitasjon til cuphelg i Gøteborg i oktober.