30 år sidan

Tokke formannskap skulle i møtet tysdag ta stilling til ein søknad frå arrangørane av Tokke Countryfestival om leige av kommunalt område til ny festival. Det vart i ordets rette forstand mykje fylleprat i samband med dette. Øyvind Lillegård, SV, var av den meining at det hadde visse baksider å tene pengar på eit arrangement som stort sett går ut på fyll og bråk og som er ein stor belastning på helsestellet. Han var i villreie om han skulle gå inn for søknaden og kunne opplyse at arrangementet var til stor sjenanse for ibuarane på Dalen. Lillegård meinte at kommunen heller måtte yte lag og organisasjonar meir i støtte.

– Sjølv om vakthaldet var stort under arrangementet i fjor, har eg aldri sett maken til fyllefest då eg køyrde gjennom Dalen fredagskvelden. Eg meiner at eit slikt veritabelt fylleslag er dårleg reklame for kommunen, sa tverrpolitikaren Olav Rosland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil seie at Tokke Countryfestival er Vest-Telemarks største fylleslag. Dalen er og ein ulageleg stad for eit slikt stort arrangement og eg synst ikkje slikt er ei oppgåve for Raude Kross å vere med å arrangere. Det var underskot i fjor og det kan det bli i år og. Det kan til sjuande og sist bli utlegg for kommunen slo Olav K. Tho, Tv.p fast.

Det er bemanningskrise ved sosialkontoret i Kviteseid. Kontoret skal ha to fulle sosionomstillingar, men inntil nyleg sto det i fare for å vera heilt utan fagfolk. Sidan desember har sosialsjefen vore sjukemeld, og då sosialkuratoren sa opp med verknad frå 1. mars, sto sosialkontoret på bar bakke. No ser det ut til at den verste krisa har blitt avverga ved å gå til det nokså uvanlege steget å tilsetje ein røynd politikar i sjefsstolen i ein overgangsperiode. Det er tidlegare ordførar og noverande medlem av helseog sosialutvalet Nils Sandvik som no har teke på seg sosialsjef-jobben fram til det blir tilsett ein sosionom i stillinga. Og vikar Reidunn Austad Olsen, som sjølv er sosionom, har hatt rolla som sosialkurator sidan 1. mars.