30 år sidan

Om Statens Flyktningsekretariat seier ja, vil Vråliosen i nær framtid bli ein langt meir spennande stad enn i dag. Tom Brungård og Dag Helge Bøe, båe med røynsle frå flyktning/asylsøkjar-mottak i Vestfold, er interessera i å overta hotellet for å drive det som mottaksstad for asylsøkjarar, helst frå Latin-Amerika. – Me har fått eit tilbod, har sett på staden og så sant dei branntekniske og helsemessige tinga blir ordna, vil me vurdere Vråliosen Hotell som ein svært lagleg stad. Ikkje minst av di drivarane har arbeidd med flyktningar før, seier Gro Håvaldsen i flyktningsekretariatet til Vest-Telemark Blad. Ho strekar likevel under at ingenting er avgjort, men pågangen av asylsøkjarar nådde ein ny topp i juni, med 400 asylsøkjarar over Fornebu.

Denne sommaren har byggebransjeni Åmot henta ein av snikkarane sine langvegsfrå, – heilt frå Tanzania. Ikkje nok med det, denne snikkaren er attpåtil ei kvinne: Josephine Nestory Mutembei (25 år). Ho har sommarjobb ved tilbygget til skulen i Åmot. Dette stemmer dårleg med det inntrykket me har av afrikanske kvinner her til lands, så me måtte få ein prat med ho for å høyre korleis ho hadde funne vegen hit. Og Josephine fortalde, på utruleg godt norsk etter snautt eit år her i landet.