35 vesttelar mindre – fleire i Nissedal og Fyresdal
Av dei seks kommunane i Vest-Telemark var det berre dei to minste som hadde ein auke i folketal i fyrste kvartal av 2017.
I september i fjor kunne VTB melde at det hadde vore eit usedvanleg godt år folketalsmessig i Nissedal, med 25 babyar fødde så langt det året. I mars i år kunne me på nytt melde om glade dagar i Nissedal, då dei var blitt 33 fleire enn på same tid i fjor.
I år er det berre fødd fire babyar så langt, men folketalet har likevel auka med fem personar sidan januar. Fire personar har gått bort i kommunen. Det har vore 22 innflyttingar og 17 utflyttingar. 1481 personar bur i Nissedal no.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Fyresdal har det vore ein auke på sju personar, trass i at det berre er fødd éin baby, medan tre personar døydde. Årsaka til folkeauken er at kommunen hadde heile 12 tilflyttingar og berre 3 utflyttingar. Totalt er dei 1326 personar i Fyresdal no.
Mange dødsfall
I Seljord og Kviteseid har det døydd høvesvis 17 og 20 personar sidan januar. Med berre fire og seks fødslar i same tidsrom, samt ein god del utflyttarar, har tala blitt mindre i båe kommunar. Det var 16 tilflyttingar og 28 utflyttingar i Seljord. Dei er difor 25 færre enn i førre kvartal, 2 954 til saman. I Kviteseid har det vore 20 tilflyttingar og 18 utflyttingar. Dei er 10 personar færre enn i førre kvartal, 2 432 til saman.
I Tokke blei det fødd fire babyar, medan ti personar døydde. Det var 17 tilflyttingar og 14 utflyttingar. Dei er no tre personar færre, og 2 225 i alt.
I Vinje er dei no ni personar færre, med eit totalt folketal på 3 717, etter at seks personar døydde og berre tre babyar blei fødde. Det var 22 tilflyttingar og 28 utflyttingar i Vinje fyrste kvartal.
Totalt bur det 14 135 personar i Vest-Telemark no. Det er 35 færre enn ved årsskiftet.