45 000 til Tanzania-prosjekt
Same helga som Oldemors gatefrukost på Dalen arrangerte Venke Bakke, Torunn og Herfinn Haugsevje med gode medhjelparar loppemarknad på Dalen. Dei fekk inn mange lopper og er godt fornøgde med resultatet.
– Me har lyst til å takke alle som var innom og bidrog anten i form av å gje lopper, kjøpe lopper og ikkje minst vil me takke Jostein Dalen som stilte gratis lokale til disposisjon, seier Bakke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pengane skal i sin heilskap gå til prosjekt i Mgeta-fjella i Tanzania der Bakke og kompani tidlegare også har bidrege med pengar til eit jenteinternat med vassog ljosforsyning.
– Det gjev dei unge høve til å gå på skule, og slik kan dei få eit betre liv. Solcellepanel og vasstankar kan gjere livet deira mylje enklare, fortel Bakke.