5 år sidan
Somme leitar verda rundt for å finne den ultimate ferieperla. Andre finn henne så å seie rett utanfor stovedøra. Seljordingane i campingvognene dei har ståande på Kilen ferieland har ingen skruplar med å feriere i Kviteseid.
– Dei er heldige som har ei slik perle, slår Arve Grinaker generøst fast. Han og familen har campa i Kilen fem eller seks år. Dei brukar vogna både i helgar og feriar uansett ver.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg synest det er veldig ålreit her, skyt kona Kristin Tørre Grinaker inn.
Telesenteret i Seljord blir lagt ut for sal. Pris: 27 millionar kroner. Det er Søndre Viken AS i Vestfold som sidan 2003 har eigd Telesenteret i Seljord. No stadfestar styreleiar i Telesenteret AS; Herleif Bergh-Nilsen, at det kan kome nye eigarar av senteret.
– Det er rett at me vurderer sal, seier Bergh-Nilsen til VTB.
– Kvifor?
– Kvifor ikkje? Slik er det. Me kjøper og sel, seier ein blid, men ordknapp styreleiar.
I den nye kommunedelplanen for Seljord sentrum opnar kommunen for handel ned mot E 134. Bergh-Nilsen avviser ikkje at dette har hatt innverknad for avgjerda om å selje. Men styreleiaren understrekar at dei ikkje vil selje for kva pris som helst.
– Elles vil eg ynskje seljordingane ein god sommar med festivalane. Dei har vore flinke til å få det til i Seljord, seier han.