5 år sidan
Arendal fengsel har hatt uteavdeling i Vest-Telemark i 50 år. Snart kan det attraktive soningstilbodet i Kleivgrend i Fyresdal bli lagt ned. Då forsvinn også ein del lokale årsverk. Kriminalomsorgens sentrale forvaltning (KSF) har lagt fram ein kapasitetsplan der det i samband med ny fengselsstruktur er forslag om å leggje ned mellom anna fangeleiren i Kleivgrend, eit soningsalternativ som høyrer til Arendal fengsel. Det brann eit blått lys for skogsleiren i Fyresdal også for rundt ti år sidan. Då var nissedøl og stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) sterkt delaktig i at soningstilbodet blei berga. – Eg vil kjempe med nebb og klør for at fangeleiren i Kleivgrend skal fortsette. Leiren er viktig både for arbeidsplassane og med tanke på rehabilitering og tilbakeføring til samfunnet. Dessutan er tilbodet i Kleivgrend godt og rimeleg, seier Oppebøen Hansen.
Haukelivegens venner vil at ny Nasjonal transportplan (NTP) skal innehalde ein lang tunnel frå Vågslid til Røldal. Organisasjonen refsar Regjeringa for ikkje å fylgje opp eigne mål i dagens vegplan. I samband med forslaget til NTP for 2014-2023 har Haukelivegens venner (HVV) kome med høyringsuttale. Fyrst av alt påpeikar HVV semje med mål både i dagens gjeldande NTP og det nye forslaget som ligg føre: Ein skal tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer samfunnets behov for transport og fremjar regional utvikling. Eit hovudmål her er betre moglegheit for å kome fram og å redusere avstandskostnadene. Reisetider i og mellom landsdelar skal reduserast.