500 000 i erstatning og for tomt
Kommunestyret i Nissedal har søkt minneleg løysing av langvarig sak med Johanne Vejrup ved å betale 500 000 kroner for innløysing av Gaukås stasjon og erstatning for påførte ulemper.
– Eg er veldig glad for at saka har løyst seg på denne måten. Storleiken på beløpet har ikkje så mykje å seie, men det handlar om å bli tatt på alvor. Nåverande administrativ og politisk leiing har oppført seg heilt etter boka, seier Johanne Vejrup, etter at ei 20 år gamal sak nå er ute av verda.
Etter at Nissedal-rådmann Sverre Sæter før jol hadde tilrådd den minnelege løysinga overfor formannskapet, la dei summen på 500 000 kroner inn i budsjettframlegget som gjekk til kommunestyret, og der kom det endelege vedtaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ulempeerstatning og rettsforlik
I saksutgreiinga kjem det fram at det i mange år har vore konflikt mellom Indre Agder og Telemark avfallsselskap (IATA) og eigarane (Johanne Vejrup og Kent Jensby Sørensen) av naboeigedomen Gaukås i Haugsjåsund. Fyrste skriv om dette er datert 21. november 1997.
«Klagene gjekk i hovudsak på sjenerande lukt frå avfallsanlegget. Luktproblema var av særskilte årsaker verst i periodane 2001–2002 og 2004–2005, men i heile perioden 2001–2008 så ille for næraste nabo at det var uforeinleg med å leve der utan helseproblem», skriv rådmannen.
Han registrerer at det ligg føre ei omfattande korrespondanse mellom partane, og det er tidlegare kome fram til avtale og utbetaling av ei ulempeerstatning på 50 000 kroner og rettsforlik på 130 000 kroner for verdireduksjon av eigedomen.
«Eigarane såg seg tvungen, av helseårsaker, til å flytte frå eigedomen i 2006. Partane var i 2008 i samtaler om at IATA skulle overta eigedomen. 2. august 2008 brann Gaukås stasjon ned til grunnen. Denne hendinga gjorde at partane aldri kom fram til ei avtale om at IATA skulle kjøpe Gaukås stasjon», opplyser rådmannen.
Han legg til at i forsikringsoppgjeret etter brannen mottok eigarane av Gaukås stasjon 800 000 kroner i avkorta oppgjer.
«Det vart vurdert som ikkje høveleg å bygge opp nytt hus på Gaukås på grunn av tilhøva ved avfallsanlegget», skriv rådmannen.
Ueigna for fast busetting
I den seinare tid er det laga reguleringsplan for motorsportssenter på Langmoen, like ved Gaukås og IATA. I reguleringsvedtaket og brev datert 26. juli 2016 vart eigarane av Gaukås orientert om rettsgrunnlaget for krav om erstatning/innløysing i medhald av plan- og bygningslova. Kommunen skreiv dette til eigarane:
«Eigedomen 45/146 (Gaukås) er i dag ei ubygd tomt på 2,7 dekar i LNF-areal (landbruk, natur og friluft) der det er eit generelt byggeforbod. Ein søknad om oppføring av bustad treng i så fall dispensasjon frå dette forbodet. Støyberekningar i samband med reguleringsplanarbeidet for motorsportssenteret synte at eigedomen 45/146 blir liggande innanfor støysoner som er ueigna for fast busetting. Ein slik dispensasjonssøknad vil difor normalt ikkje kunne føre fram. Frå før er det kjent at tomta har hatt luktplager frå drifta av avfallsanlegget IATA har i området. I tillegg har kommunen her lagt ut eit større areal til naturbasert reinseanlegg. Det er difor truleg at desse tiltaka, samla eller kvar for seg, også ville ha ført til avslag på ein dispensasjonssøknad om nytt bygg på tomta. I så fall er det ikkje bare reguleringsvedtaket for Langmoen motorsportssenter som har øydelagt eigedomen 45/146 som byggetomt.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Som ei direkte følgje av dette skreiv Vejrup brev til Nissedal kommune med krav om erstatning/innløysing. Då laga kommunen nemnte sak ovanfor som ei oppfølging av kravet, og som førte til minneleg løysing.
Ikkje IATA, men kommunen
Rådmannen er i saksutgreiinga av den meining at IATA og Nissedal kommune har mykje å svare for i denne saka.
«Då har eg teke omsyn til styrkehøve mellom privatperson og primærkommune. Det gjer vondt å lese historikken for å kunne ta stilling til ei tilråding for korleis partane kan kome fram til ei minneleg avslutting av saka. Det er nærliggjande å tenkje at det må vere IATA, selskapet til eigarkommunane (Nome, Drangedal, Nissedal og Åmli), som er avtalemotpart til eigarane av Gaukås stasjon. Eg meiner likevel at i denne saka, der utgangspunktet er krav om innløysing/erstatning i samband med reguleringsplan i området (pluss at det er lagt ut areal til naturbasert reinseanlegg), er det rett at det er Nissedal kommune som søkjer minneleg løysing», skriv Sæter.
Han opplyser at Vejrup ber om at vurderingane må ta utgangspunkt i at det står eit hus på Gaukås som blei bygd opp att etter brannen, og at det ikkje er ein avfallsplass på Langmoen.
«Dersom ein tenkjer som Vejrup, og skal freiste kome fram til ein lump sum for innløysing og erstatning som båe partar kan einast om, er det ikkje utenkeleg at dei i dag kunne omsett huset sitt på Gaukås opp mot 1 500 000 kroner. Dersom det vert teke omsyn til kva som faktisk er utbetalt i forsikringsoppgjeret, vil innløysing og erstatning kunne ligge opp mot 700 000 kroner», avsluttar rådmannen, før han sette tilrådingssummen til 500 000 kroner.
200 000 kroner av desse gjeld innløysing/kjøp av Gaukås-tomta, og resten er erstatning for påførte ulemper.
Siste: IATA bidreg
I Nissedal formannskap sist torsdag orienterte ordførar Halvor Homme om eit samrøystes og fersk styrevedtak i IATA. Det interkommunale avfallsselskapet vil vere med og dekkje ein del av summen kommunestyret løyvde.
– Formannskapet og kommunestyret forventa at IATA tok sin del. Nyleg har styret vedteke å dekke 200 000 av dei 300 000 kronene som er erstatning, sa ordføraren.