Forskarane Kjetil Lie
Forskarane Kjetil Lie

500 mill. å tene på kommunesamanslåing

Kring 500 millionar kroner i friske midlar over 10 år er realistisk om dagens seks kommunar i Vest-Telemark vert til to. Forskarane Audun Thorstensen og Kjetil Lie etterlyser debatt om kommunestrukturen i Vest-Telemark.

Dei to forskarane ved Telemarksforsking i Bø seier at rett nok omfattar Vest-Telemark eit stort areal, men spør seg om det gjer det naturleg med heile seks kommunar i regionen. Målt i innbyggjartal utgjer Vest-Telemark berre om lag 8,5 prosent av Telemark, men ein tredjedel av talet på kommunar i fylket.

Thorstensen og Lie har vanskar med å sjå at kommunestrukturen i Vest-Telemark i dag er den mest rasjonelle. To eller maksimum tri kommunar meiner dei hadde vore tilstrekkeleg for å dekkje tenestetilbodet ovanfor 14.000 innbyggjarar i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom me tek utgangspunkt i to kommunar ser me føre oss Seljord-Kviteseid-Nissedal som ein, og Vinje-Tokke-Fyresdal som den andre, seier dei to forskarane og spør kvifor ikkje Vest-Telemarkrådet heller kunne lyfte blikket ved å bruke ein del ressursar på drøfting av kommuneinndelinga.

VTR utan initieringskraft

Korkje Thorstensen eller Lie meiner Vest-Telemarkrådet har evna å initiere mange og omfattande samarbeidstiltak mellom kommunane. Inntrykket deira er at dei einskilde kommunane på mange vis er seg sjølve nok. Grenseoverskridande samarbeid synest å sitje langt inne trass i at det verker opplagt at tenestetilbodet ville fått eit klart lyft kvalitetsmessig ved å gå over til større einingar og fagmiljø.

– Det må då vere nokre politikarar som tør og vil ta opp slike tankar, undrar dei to Bø-forskarane.

Thorstensen og Lie seier at i det minste kunne ei mogleg endring i kommuneinndelinga i Vest-Telemark verte gjenstand for nærare utgreiing og prosess med til dømes sikte på ei folkerøysting for eller i mot gjevne endringsalternativ.

– Viss me skal vere så frie å gjere framlegg om ein mogleg tidsplan, kunne folkerøystinga til dømes skje hausten 2010, seier forskarane.

Traust kultur og lynne

– Kvifor trur de endringar i kommunestrukturen sit så langt inne i Vest-Telemark?

– For mange, og ikkje minst i Vest-Telemark der det er traust kultur og lynne, verkar det nok veldig framandt å sjå føre seg eventuelle endringar i kommunestrukturen. Likevel har me vanskeleg for å sjå at kvardagen brått skulle verte så mykje verre og mindre trygg om til dømes Seljord, Kviteseid og Nissedal slo seg samen, meiner Thorstensen og Lie.

Dei hevdar at det er kvaliteten og omfanget av dei kommunale tenestetilboda som må stå i fokus. Forskarane er ikkje i tvil om at kvaliteten må styrkast og tilboda verte meir robuste. Mellom anna spør dei om kven som ser for seg at ein går attende til at kvar kommune hadde ansvaret for barnevernssakene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite effektivt

– Sjølv om Vest-Telemark er ein stor region i flateinnhald, er innbyggjartalet så lågt at det samfunnsmessig er lite effektivt med heile seks kommunar. Me ser det korkje som naturleg eller naudsynt at det i Vest-Telemark skal vere seks gonger av alt, inkludert politiske utval og råd, fortel Thorstensen og Lie.

Forskarane hevdar at ressursar som i dag vert nytta til administrasjon, vil kunne frigjerast til tenesteproduksjon i ein samanslegen kommune. Dei peiker på at administrasjonsutgiftene i ein samanslegen kommune med Seljord, Kviteseid og Nissedal absolutt bør verte lågare enn summen av utgiftene i dei tri kommunane i dag.

– For innbyggjarane i ein kommune er det naturleg nok mest sentralt kor store midlar som kan brukast på tenesteproduksjon. Kvar rådmannen, sentraladministrasjonen og ordføraren held hus, eller kor ein administrasjonsbygning med kommunestyresal er lokalisert, vil for den vanlege innbyggjar ha svært lite å seie, meiner forskarane Audun Thorstensen og Kjetil Lie.

Eit problem med å lage denne type framstillingar er at kommunanes inntektssystem ikkje er statisk. Tala Thorstensen og Lie har kome fram til, er difor berre gyldige for den situasjonen ein kjenner per i dag.

Økonomiske konsekvensar ved samanslåing

På oppdrag frå Vest-Telemark Blad har Audun Thorstensen og Kjetil Lie rekna på dei økonomiske konsekvensane for kommunane av ei eventuell samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal med Kviteseidbyen som kommunesenter.

Ei samanslåing vil utløyse 10 millionar kroner i årlege auka overføringar. Denne summen vil ein få i sin heilskap i ti år, og deretter vert det ei nedtrapping. Totalt vil då den nye kommunen ha fått 100 millionar kroner ekstra i løpet av ti år. Frå år 12 vil den nye kommunen vere nede på om lag det tilskotsnivået som dei tri kommunane har til saman i dag. Frå år 15 vil den nye kommunen ta i mot 24 millionar kroner mindre per år enn det dei tri kommunane får i dag.

Ei samanslåing opnar for å hente ut stordriftsgevinstar ved å effektivisere administrasjonen. Berekningane til Telemarksforsking synleggjer eit mogleg innsparingspotensiale innan administrasjon på mellom 3 og 15 millionar kroner. Forskarane har i denne undersøkinga ikkje sett på korleis dette potensialet kan hentast ut i praksis.

– Me vil understreke at det i tillegg er mogleg å hente ut stordriftsinnsparingar innan tenesteområda, men desse har me ikkje undersøkt nærare. Slike innsparingar vil normalt krevje at ein «fyller opp» kapasitet for å drifte mest mogleg kostnadseffektivt. Døme på dette er å samle elvane på færre skular, etablere sjukeheimar med opptil 100 plassar og drive tekniske tenester i fellesskap. Desse framlegga vil utan tvil innebere vanskelege politiske val, meiner forskarane ved Telemarksforsking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje, Tokke og Fyresdal som ein kommune med kommunesenter i Åmot.

– Korleis ser tala ut for den ei samanslåing av Vinje, Tokke og Fyresdal med Åmot som kommunesenter?

– Her vil ei samanslåing utløyse 10 millionar kroner i auka årlege overføringar. Desse midlane får ein i ti år, og deretter vert det ei nedtrapping. Totalt vil den nye kommune ha motteke 100 millionar kroner ekstra i løpet av ti år. Frå år 12 vil den nye kommunen vere nede på om lag det inntektsnivået som dei tri kommunane har til saman i dag. Frå år 15 vil den nye kommunen få 12 millionar kroner mindre per år enn dei får i dag, fortel Thorstensen og Lie.

Utrekningar dei har gjort syner eit innsparingspotensiale innan administrasjon på mellom 7 og 15 millionar kroner. Elles ligg dei same føresetnadar til grunn for reknestykka om denne kommunekonstellasjonen i høve til samanslåing av Seljord, Kviteseid og Nissedal.

– Er det andre tilhøve som påverkar økonomien ved ei kommunesamanslutning?

– Ja, det er fleire tilhøve som kan ha direkte påverking på kommuneøkonomien etter ei samanslåing, stadfestar dei to forskarane.

Thorstensen og Lie ramser opp nokre døme: delvis dekking av eingongskostnadar og ordinære skjønsmidlar frå Fylkesmannen.

Det er også ei rad tilhøve som kan få ein meir indirekte effekt på kommuneøkonomien. Her er busettingsmønster og folketal sentralt. Vidare kommunestorleik og evne til samfunns- og næringsutvikling, og så må ein ta omsyn til at lokale arbeidsplassar vert borte og om det kjem nye i staden for. Og kva med dei tilsette i kommunane som det ikkje vil vere trong for ved ei kommunesamanslåing. Eit betre tenestetilbod vil vere vanskelegare tilgjengeleg for nokre av innbyggjarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sume vil nok også uroe seg for lokaldemokratiet om det vert to framfor seks kommunar i Vest-Telemark, trur forskarane Audun Thorstensen og Kjetil Lie.