52 år bak brøytebilrattet
– Interessa for bil, lastebil og buss har fylgd meg heile livet, seier Johan T. Straand (75), som framleis trivst godt bak rattet i lastebilen eller på tur med ein av dei flotte veteranbilane han har i garasjen.
– Det er god gammaldags vinter i år, smiler Johan T. Straand.
Me er heldige og treffer den spreke arbeidskaren, som kunne pensjonert seg for åtte år sidan, heime i stova på Slokviki i Vrådal. Så langt ingen snøfiller utanfor glaset denne dagen, men den raude lastebilen har skjeret montert, og er klar for innsats om behovet melder seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det same er Johan, klar for oppdrag, han likar å jobbe og er glad for at helsa har vore med han.
– Eg har hatt eit fargerikt liv, fått arbeidd med det eg likar.
Han er inne i det siste året med brøyting av området han har ansvaret for – vegen mellom støtta i Vrådal, kyrkja i Nissedal og frå Steane og opp til kommunegrensa til Drangedal på Tørdalsheia. Til hausten er det ny anbokdskonkurranse.
52 år bak rattet i brøyebilen kan Johan notere denne vinteren, på sommaren går arbeidsdagane med til tippkøyring av grus, sand og stein.
– Eg har allstøtt hatt veldig dyktige folk med meg, det er viktig at du får med det, poengterer vrådølen.
Ekstremvêr
Vêret, det store samtaleemnet, og brøytemannskapa, ei yrkesgruppe som ofte kan få høyrd både det eine og det andre – men så takksame me skal vere for at dei står på til alle døgnets timar. Vinteren i år har vore krevjande, det har blitt mange timar i lastebilen, men Johan klagar ikkje.
– Det har ikkje vore så gale i år som det var i 1998 då me fekk ein meter snø mellom fyrste og andre påskedag, ja, i løpet av eitt døgn kom det ein meter på Tørdalsheia. Det er det verste eg kan minnast. Det draus filler som fantkjerringar. I Vrådal kom det ein halv meter og nede ved Spjotsodd regnde det. Det var variert vêr det døgnet må ein seie, smiler Straand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minnest også andre harde brøyteøkter. Ja, det var faktisk ein gong han måtte gje opp.
– I mars 1972. Det kom så mykje snø at me ikkje klarte å halde vegen open. Vegen blei stengt både over Gautefall, Fjågesund og til Tørdal, fortel han.
Ein livsstil
Johan viser fram eit bilde av ein ung gut, kanskje han er fem-seks år. Guten sit på panseret på ein lastebil. Fremst er plogen på plass.
– Det er meg i tunet på Straand. Bilen er far, Torgeir Straand, sin, smiler han.
Det er liten tvil om at lastebilinteressa kom tidleg.
– Eg reiste til Skien for å ta mekanikarutdanning, då eg kom heim starta eg å brøyte i firmaet heime, Brødrene Straand, det var i 1962.
Det draus filler som fantkjerringar.
Tradisjon frå 1881
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er lange brøytetradisjonar i Straand-slekta. Johan fortel at oldefaren hans, Olav Straand, starta å brøyte med hest i 1881.
– Og frå skysstasjonen, som Olav starta i 1864, på Straand i Vrådal hadde både bestefar og far og brørne hans frakt av både varer frå båten som la til ved Spjotsodd i Kviteseid og andre oppdrag i området.
– Olav hadde ei tid 16 hestar på stallen, så det var arbeid for mange. Seinare var det bestefar Johan O Straand som dreiv skysstasjonen og hotelldrift vidare, fortel han.
Det har vore ei ekstrem utvikling på desse åra. Tidlegare blei hesten nytta då snøen skulle bli rydda.
– Dei brøyta vegane med hest den gongen, og hesten var mykje i bruk både som transport, til tømmerkøyring og anna fram til traktoren tok over dette arbeidet tidleg på 1950-talet, seier han.
Ein kan vel seie at det som trillar på gummihjul er interessa mi.
– Den fyrste kontrakten for brøyting med bil fekk bestefar i 1930 – bilen han hadde var ein Chevrolet 1929-modell. Då hadde han brøyting i Kviteseidkleivane og på Tørdalsheia. Den gongen var det slik at om ein kom nedi gruslaget når ein brøyta i Kviteseidkleivane, måtte ein ut og spa snø tilbake i vegen slik at dei som bruka hest og slede hadde god nok veg, smiler Straand.
Han minnest også at eit heilt arbeidslag fylgde brøytebilen.
– Eg var vel 6–7 år. Det hadde kome mykje snø og arbeidslaget som fylgde brøytebilen måtte lage trappetrinn for å spa og hive ut snø i Ølbusvingane på Tørdalshei. Men det sysselsette folk om vinteren, og eg trur det var populært arbeid, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at den fyrste drosjebilen kom til skysstasjonen alt i 1919.
– Men bilen var berre å bruke om sommaren, for om vinteren var det berre hestebrøytt veg. Men det utvikla seg raskt, og etter kvart tok både bil og buss over transportarbeidet.
– Under krigen hadde Brødrene Straand buss som blei drive av gassgenerator, og her måtte dei ha med ved for å fyre. Eg minnest det blei sagt at ein sekk med tresko hadde blitt borte, dei fann han ikkje att då bussen kom til Nissedal. Då far min skulle feie generatoren den kvelden fann han masse småspiker. Det spørs nok om ikkje sjåføren hadde tatt feil sekk då han fyra, ler Straand.
Me har allstøtt hatt raude bilar, det må vere slik.
Rutekøyring
Han fortel at rundt 1950 hadde Brødrene Straand fire lastebilar, tre bussar og ei drosje i dagleg drift.
– Alle var av merket Chevrolet, seier Straand, og fortel at oppdraga deira var vareog rutekøyring, brøyting og tømmerkøyring.
– Brødrene Straand hadde den fyrste rutekonsesjonen mellom jernbanestasjonen i Treungen, Vrådal og Vråliosen. Både folk og varer kom med toget og blei frakta vidare, seier Straand.
Tømmerbil
Artikkelen held fram under annonsen.
Om somrane var frakt av tømmer ei av oppgåvene i firmaet.
– Far min og brørne hans starta med dette midt på 1930-talet, og eg hadde tømmerbil sjølv i 30 år. Eg minnest godt den fyrste tømmerbilen. Det var ein Chevrolet. Den måtte ein handlesse, og ein la tømmerrulla slik at ein kunne trille stokkane inn på bilen, fortel Straand, og stadfestar nok ein gong at utviklinga i næringa har vore stor.
– Men det er artig å ha fått vore med på det. Då eg starta å brøyte køyrde eg ein Volvo Bamse med 90 hestekrefter, i dag har eg bil med 540 hestekrefter. Det er store skilnadar, seier Straand.
Plogen under bilen
– Er det hendingar du minnest godt, uhell du har hatt?
– Eg har vel aldri køyrd av vegen, slik direkte, men nokre uhell har det blitt. Eg krøkte mellom anna heile ramma på lastebilen på 70-talet. Det var telehiv og spissplogen «stakk stubb». Plogen hamna til slutt under lastebilen, det var litt av ei oppleving, seier Straand.
Det er kanskje ikkje så rart at Johan er glad i bilar. Heile livet hans har vore prega av ulike køyretøy, både på jobb og ledige kveldar heime. Han har mange timar i garasjen med hobbyen som er å ta vare på gamle køyretøy.
– Ein kan vel seie at det som trillar på gummihjul er interessa mi, smiler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vaks opp med bilar, og det var naturleg å gå den yrkesvegen. Eg har skruva mykje, men eg har vore interessert. Det hjelper, seier vrådølen, og innrømmer at interessa for å ta vare på det gamle har blitt sterkare etter kvart som han har blitt eldre. Straand er også opptatt av rutebilhistorie, og har gått i bresjen for å restaurere ein FVN-buss. Han har også mange år bak seg i styret i det som i dag er Telemark bilruter.
Frå garasjen trillar den eine blanke veteranen etter den andre ut, og Johan viser fyrst fram ein Chevrolet 1946-modell. Her ligg det mange nøyaktige arbeidstimar bak.
– Eg starta med rein ramme. Etter fire vintrar i garasjen stod han ferdig. Det er bitar frå heile verda i denne bilen. Han er av same type bil som vart nytta til å køyre tømmer, grus og varer med, eller som gjekk som buss i verksemda, seier Straand.
Johan snur seg rundt og peikar på ein grøn Scania Vabis 1958-modell.
– Men den er ikkje raud, då. Men han er spesiell, han er den einaste av sitt slag med stålhytte i Noreg, påpeikar Straand sjølv – han likar best dei raude bilane.
– Kvifor må bilane vere raude?
– Me har allstøtt hatt raude bilar, det må vere slik, smiler han, og fortel at heilt tilbake til Brødrene Straand sine køyretøy har lakkfargen vore raud.
Blir aldri utlært
Eit nytt lågtrykk er på veg innover Nisser, og Johan og arbeidskarane må på ny gjere seg klare for å halde vegen i stand for trafikantane.
– Så lenge ein kan gjere ein jobb som er tenleg kan ein halde på. Men brøyting er eit arbeid ein aldri lærer, ingen klarer det hundre prosent, det er så mange vêrvariasjonar. Det viktigaste er alltid prøve å gjere sitt beste, smiler ein av våre lokale vintervegsheltar.