Det var tøffe tak opp Holtarbakken.
Det var tøffe tak opp Holtarbakken.

55 løparar med i årets utgåve av Power climb

Bård Olav Medhus frå Røldal var den raskaste opp Holtarbakken på Rauland laurdag ettermiddag.

Sola skein, men det blåste surt på toppen då dei 55 løparane som deltok i årets utgåve av Rauland power climb staka seg over målstreken laurdag ettermiddag. Motbakkeløpet på langrennski er eit samarbeid mellom Rauland skisenter og IL Dyre Vaa. 

Løparane under ni år gjekk eit 300 meter langt motbakkeløp, medan dei andre deltakarane gjennomføre den om lag 1250 meter lange bakken over 250 høgdemeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raskaste vesttele å finne på resultatlista var Vegard Skolås frå Vinje (7. plass i herreklassa). Han nådde målstrelen 3.16 etter vinnar av herreklassa Bård Olav Medhus frå Røldal som gjekk inn til tida 11.40. 

Alle deltakarane hadde høve til å vinne eit påskeopphald på Rauland med verdi av 55 000 kroner. Ei kvinne frå Gjerstad vann premien. 

Her kan du sjå resultat frå Rauland power climb 2018

Mykje folk i startområdet i Holtardalen på Rauland før årets Power climb.
Mykje folk i startområdet i Holtardalen på Rauland før årets Power climb.