6 av 28 skuterkøyrarar blei meldt
Under helgas snøskuterkontrollar i Fyresdal, Tokke, Vinje, Rauland og Rjukan, var det ifølge politiet stort sett hyttefolk som blei meldt og bøtelagt, melder NRK Telemark.
– Me ser at dei som er på hyttene ofte tek seg visse fridomar. Dei har køyreløyve bort til hyttene, men dei køyrer også ofte utanfor sporet og opp fjellsider, seier miljøkoordinator Olav Lia i Telemark politidistrikt til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
28 snøskuterar blei kontrollerte. 6 førarar blei meldt. Det synest Lia er eit høgt tal.
Køyring utan sertifikat og utanfor godkjende løyper er dei mest vanlege brotsverka. Det er 10 000 kroner i bot for å køyre utan løyve. Endå meir kostbart blir det om føraren ikkje har førarkort.