Å alltid vera til hjelp

Eg kom dit ein vanleg kveld. Tenkte, at no var det lenge sida. Burde ha kome før, men hadde jamt så mykje å gjera.

Du sat der i stolen din. Ljoset var av, tv' en au «Du ropa kom inn. Kom set deg hjå meg. Eg er så glad at du kjem!»

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg spurde forsiktig: «Er straumen vekk? Her er jo så mørkt. Vil du kanskje ha hjelp?»

«Alt er som det skal», svara du då. «Men no er det skumringstime, og då har eg ljoset av.

I skumringstimen så tenker eg på alt og ingenting. Tenker ofte på tida som var. Den tida minnes eg godt.

Eg hadde ansvar for mora mi som låg til sengs, var sjuk. Broren min var ikkje heller frisk. Det var ikkje alltid så lett.»

Ho sa ikkje meir, men eg forsto meir enn ho ville sei. Forsto den lengsel ho måtte ha hatt, å leva sitt eige liv.

Eg spurde forsiktig korleis det var, å alltid ha ansvar å aldri ha fri. Då såg ho på meg og sa:

«Det var berre slik på denne tid, om du ikkje var gift. Ei einsleg dotter måtte bli att, og alltid vera til hjelp.»

Gun Monika Wik