Heilt mot slutten av det siste kommunestyremøtet i Nissedal i 2017, tok ordførar Halvor Homme (Ap) ordet for å snakke om samarbeid i regionen og lokalisering. Han synest ikkje noko om at det blir stilt krav om å få kontorstaden, viss ein skal gå inn i Nav-samarbeid i Vest-Telemark.
Heilt mot slutten av det siste kommunestyremøtet i Nissedal i 2017, tok ordførar Halvor Homme (Ap) ordet for å snakke om samarbeid i regionen og lokalisering. Han synest ikkje noko om at det blir stilt krav om å få kontorstaden, viss ein skal gå inn i Nav-samarbeid i Vest-Telemark.

«Å drive pokerspel med sine venner i ein region er veldig uheldig»

Nissedalordførar Hallvor Homme (Ap) reagerer på strategien frå Seljord-hald i saka om felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

Halvor Homme har registrert uttala frå Seljord-rådmannen at om dei skal vere med i eit samarbeid om eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark, skal etableringa vere i Seljord. Eit slikt krav har ikkje Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) sansen for.

– Ein kan sjå ein kultur i enkelte kommunar i Vest-Telemark at det å tileigne seg fellestenester er viktigare enn tenestene innbyggjarane skal få. Det er eit dårleg utgangspunkt når ein skal samarbeide om noko. Det er heilt feil strategi av Seljord å starte slik dei gjer i Nav-saka. Å drive pokerspel med sine venner i ein region er veldig uheldig, og kan skade forholdet på sikt, seier Homme til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kokar ned til lokaliseringsdebatt

I sist kommunestyremøte blei det samrøystes ja til at Nav-kontora i Nissedal og Kviteseid blir slått saman, og at sistnemnde blir staden for eit felles kontor. Heilt mot slutten av kommunestyremøtet ynskte ordførar Homme å seie noko om samarbeid i regionen og lokalisering.

Ordføraren nemnte innleiingsvis at det ikkje kan vere ei overdriving å seie at det er utfordringar med å få til gode og nødvendige regionale samarbeid i Vest-Telemark.

– Det har alltid vore vanskeleg fordi det ofte kokar ned til ein lokaliseringsdebatt. Sjølvsagt er det ein naturleg ting å vere opptatt av kvar ting hamnar. Eg legg ikkje skjul på at det til tider kan vere noko frustrerande, fordi eg føler at ordføraren og kommunestyret i Nissedal primært er opptekne av korleis ein skal få til best mogleg tenester til innbyggjarane våre. Det er nummer 1, sa ordføraren.

– Dumt å stille ultimatum

– Så er det sjølvsagt dette med lokalisering. Me var tidlegare i møtet inne på dette med felles Nav-kontor som blir i Kviteseid. Nissedal får då att noko på arbeidsfronten ved at me blir økonomikontor også for Kviteseid. Det er fordi den tilliten og dynamikken som Nissedal og Kviteseid har seg imellom, er heilt unik i alle fall i Vest-Telemark-samanheng. Det er ordføraren i Kviteseid og eg einige om, fortsette Homme.

Han la til at båe ordførarane er veldig opptekne av å vere med og sikre gode tenester for innbyggjarane gjennom å samarbeide mest mogleg. Vidare visste Homme at Nissedal kommunestyre har vore veldig tydeleg på at ein ynskjer å sjå på fleire område der ein kan samarbeide for å få optimale tenester i kommunane.

Så nemnte han det mest heite punktet for tida, felles Nav-kontor.

– Der har det med lokalisering verkeleg utkrystallisert seg. Fyresdal har stilt ultimatum i forhold til plassering, og det veit eg andre kommunar også er veldig freista til å gjere. Når desse ultimatuma ikkje samsvarer, kva skjer då? Forhandlingar handlar om å gje og ta, og då er det veldig dumt å stille ultimatum. Ved å stille ultimatum kjem ein ikkje i mål med det overordna målet om godt samarbeid og gode tenester til innbyggjarane, sa Homme.

Veldig leit

Han fortsette med desse orda:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal ein samarbeide godt i ein region, er det viktig at ein er ærlege og stolar på kvarandre og kallar ein spade for ein spade, og blir ferdig med dei vanskelege diskusjonane med ein gong. Derfor er rådmennene i regionen alt nå i gang med lokaliseringa av eit felles Nav-kontor, sa ordføraren.

Han meinte det ikkje er vits i å bruke mykje tid og energi viss det er lokaliseringa som nok ein gong skal strande ein prosess, eit utfall han syntest ville vere veldig leit.

– Eg trur eg har kommunestyret her med meg på at eit myndig felles Nav-kontor i Vest-Telemark, som faktisk kan kjøpe tenester av til dømes Kvito og andre, vil vere det beste for Nissedal og dei andre kommunane i Vest-Telemark. Det var dette eg hadde tenkt å seie om regionalt samarbeid, avslutta ordføraren, og fekk ingen motkommentarar frå dei 16 andre lokalpolitikarane på det han hadde sagt.