Aasmundtveit ny regionrådsleiar
Torsdag orienterte Nissedal-ordførar Halvor Homme formannskapet sitt om at Anne Aasmundtveit (54 år) frå Ordal i Kviteseid er tilsett som ny leiar i Vest-Telemarkrådet.
Homme kunne også fortelje at fire kandidatar hadde vore inne til intervju.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare i år blei det kjent at mangeårig leiar i Vest-Telemarkrådet (VTR) Kjell Gunnar Heggenes, sluttar ved nyttår. Etter utlysing av jobben før sommarferien melde desse seks søkjarane seg: Audun Østtveit, Bø, driv eige konsulentselskap. Håvard Jakobsen Ofte, Høydalsmo, tilsett ved Attføringssenteret i Rauland der han er rådgjevar og jobbar med forsking og utvikling. Frank Steinsvik, Kirkenær, kyrkjeverje. Johannes Rindal, Seljord, fylkessekretær i Oslo og Akershus Sp. Ole Dalen, Øyfjell, utviklingsleiar i VTR. Bjørn Otto Eliassen, Arendal, kundeansvarleg i Kitron AS, som driv med avansert elektronikk.
– Søkjarmassen kunne vore større, men det er nokon gode søkjarar her. Det blir ikkje tilsetting før etter sommarferien, sa regionordførar Erik Skjervagen til VTB i juni.
Etterpå ynskte dei å ha fleire aktuelle å velje i, og CR Group AS blei leigd inn for å finne kandidatar.
– Me fekk ein grei pris av firmaet. Inkludert mellom anna all annonsering kjem totalprisen på under 100 000 kroner, sa Skjervagen.
VTB skreiv tidlegare at CR Group AS skulle kome med fire aktuelle namn til ordførarane i Vest-Telemark.
– Er me fornøgde kan det bli tilsetting denne dagen på ein viktig og spennande jobb, sa regionordføraren.
Oppgåvene til ein regionrådsleiar er mellom anna dagleg drift av Vest-Telemarkrådet (der sit ordførarane og rådmennene i regionen), førebu og organisere rådsmøta og gjennomføre vedtak, økonomioppfylging og ha ei rolle i høve til prosjekt – både internt i regionen og i eksterne samarbeidstiltak. Vidare stå for søknader, organisering og bruk av skjønsmidlar, og jobbe aktivt i høve til politikarar, rådmannsutval og drive informasjonsarbeid.
– Ordførarane var samrøystes om å tilby Aasmundtveit stillinga, og eg meiner me har funne ein veldig bra kandidat. Men ho har ikkje skrive under avtala enno, seier regionordførar Erik Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anne Aasmundtveit er no dagleg leiar ved Granvin kulturhus AS i Seljord, ei stilling ho har hatt i seks år. Før det hadde ho i elleve år ulike leiarstillingar i Kvitseid kommune. Det kan òg nemnast at Aasmundtveit sit som styremedlem både i Vest-Telemark næringsutvikling AS og i Vest-Telemark næringsbygg AS.
Utdanningsbakgrunnen til Anne Aasmundtveit er innan reiseliv. Ho har ein bachelorgrad i hotellmanagement; som omfattar administrasjon, leiing og økonomi, og ein mastergrad i reiseliv.