Direktør Svein Kostveit ved Attføringssenteret i Rauland melder om aukande aktivitet, men stram økonomi.
Direktør Svein Kostveit ved Attføringssenteret i Rauland melder om aukande aktivitet, men stram økonomi.

AiR planlegg 20 nye bueiningar

Attføringssenteret i Rauland (AiR) planlegg nybygg med 20 bueiningar for brukarar av senteret og ny veg til øvre tun. Vinje kommune har gjeve rammeløyve for utbygginga.

Det er enno ikkje teke stilling til når byggjearbeida startar. 3D Arkitektar i Seljord har teikna nybygget som får eit bruksareal på 374 kvadratmeter.

AiR, som er ein spesialistinstitusjon innan arbeidsretta rehabilitering, oppnådde gode resultat i 2008.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har det siste året utvida aktiviteten både innan klinikken og i rolla som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Dei nasjonale utfordringane i høve sjukefråvær og uførepensjonering gjer at kompetansen og spesialiteten vår er etterspurd, seier direktør Svein Kostveit.

Kompetansesenteret, som har oppgåver knytt til forsking, fagutvikling, formidling og nettverkbygging, har det siste året rekruttert røynd og solid kompetanse innan arbeidsretta rehabilitering. AiR-direktøren fortel at saman med utviding av klinikken med nye tilbod innan funksjonsavklaring har det vore ein vekst på kring 20 årsverk sidan 2006.

Internt har sjukefråværet dei siste tri åra vore mellom 1,7 og 3 prosent. I fylgje verneombod Eivind Huso er dette eit resultat av godt arbeidsmiljø og tett og systematisk oppfylging av sjukemelde.

– Det økonomiske resultatet for 2008 syner eit overskot på vel tri millionar kroner. Men det er slik at auka pensjonsforpliktingar gjer at dei økonomiske utfordringane er store for oss i tida framover, seier Svein Kostveit.