Tordis Bjåland, Hanne Nordgaard og Eva Margrethe Ellingsen.
Tordis Bjåland, Hanne Nordgaard og Eva Margrethe Ellingsen.

Aksjonerer for lengre barnehagedagar

Frustrerte småbarnsforeldre i Seljord ynskjer seg utvida opningstider i barnehagane. I tillegg til å sende søknad til kommunen har dei oppretta ei aksjonsgruppe på Facebook.

Line Haugholmen er sjukepleiar og arbeider på Nesbukti pleie- og omsorgsenter. Arbeidsdagen hennar startar klokka 07.00 eller 07.30.

– At barnehagen ikkje opnar før 07.30 skapar store vanskar. Anten eg skal på jobb klokka sju eller halv åtte kjem eg for seint om eg skal levere barn i barnehagen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ikkje eismal om å ha utfordringar med å få logistikken med pass av ungar om morgonen til å gli. Hanne Nordgaard er også sjukepleiar, men er i tillegg pendlar. Å køyre til sjukeheimen i Bø krev ein halvtime ekstra tid om morgonen.

– For dei denne problemstillinga gjeld, er det veldig viktig, understrekar ho.

Andre kommunar

Aksjonistane er ikkje stornøgde. Ein halvtime ekstra både morgon og ettermiddag er alt dei ynskjer seg. Altså ei opningstid frå 07.00 til 17.00. Gruppa har undersøkt korleis barnehagetilbodet er i andre kommunar i området, og funne at kvar kommune har minst ein barnehage med utvida opningstid.

– Andre kommunar ser tydelegvis at det er viktig. Til dømes er det eit slikt tilbod på Rauland. Seljord har bygt ein kjempefin ny barnehage, men har ikkje råd til å gjeva eit fullverdig tilbod. Det er paradoksalt, meiner Eva Margrethe Ellingsen.

Somme stadar tek det pedagogiske førskuletilbodet til endå tidlegare.

– Eg er kjend med at både på Dalen og i Vinje opnar barnehagane klokka kvart på sju. Fleire andre stader kan ungane også leverast så tidleg som halv sju, legg Haugholmen til.

Spørjeundersøking

Gruppa av småbarnsforeldre i Seljord har søkt kommunen om å få utvida opningstidene. Det har dei gjort med bakgrunn i ei spørjeundersøking dei sjølve har utført. Granskinga viste at trongen var stor både i Seljord og i Åmotsdal.

I fjor haust blei det oppretta ei tilsynsordning med utvida opningstider. Ordninga inneber berre barnepass, og er ikkje noko pedagogisk tilbod. I fylgje kommunalsjef Oddvar Hallaråker har kommunestyret vedteke å leggje ned denne ordninga frå hausten av. Det var tydelegvis ikkje alle einige i. No har aksjonistane organisert seg i pressgruppe på Facebook. Gruppa har no 84 medlemer; mange av desse er politisk aktive – i opposisjon, vel å merkje. Både Arbeiderpartiets Aud Jonskås, Knut Inge Skoland og Hallgeir Ofte, Senterpartiets Ingrid Flatland Høydahl, John Olav Haugetuft og Helge Kasland og SVs Bergit Lisleåsheim Telnes er registrerte som medlemer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søknaden frå gruppa skal handsamast på fyrste møtet i formannskapet. Sakshandsamar Oddvar Hallaråker har førebels ikkje innstillinga klar, og kan følgjeleg ikkje seie noko om det administrative framlegget, verken om kva det vil koste eller kva det eventuelt må gå på kostnad av.