Espen Ruud har starta ny sportsbutikk i Vrådal. Han sel mellom anna stand up paddle-board (SUP) med fullt fiskeutstyr.
Espen Ruud har starta ny sportsbutikk i Vrådal. Han sel mellom anna stand up paddle-board (SUP) med fullt fiskeutstyr.

Aktivitetar på det turre og i det våte

Vrådals-dagen fekk mange i aktivitet. Handel og vandel, kappløp, kapp-padling og meire til stod på programmet laurdag. Ein ny sportsforretning har også opna dørene i Vrådal.

Heile hovudgata gjennom Vrådal sentrum var fylt med folk og bodar laurdag. Den årlege Vrådals-dagen trekte mykje folk, og nesten 40 av dei frammøtte stilte til start i dagens fyrste aktivitet: Vrådals-løpet som går frå gamle Esso-stasjonen til sentrum – ein distanse på om lag 800 meter.

– Alle får diplom, og i ettermiddag får klassevinnarane ein premie. Me delar klassene inn i jenter og gutar over og under 16 år, fortel Jan Rune Grave i Vrådal IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens raskaste var Benjamin Strømsvoll, som bruka 1,42 på strekninga. Andre klassevinnarar blei Alise Nekstad Grave, Anders Greff og Filippa Straumsnes.

Ny sportsforretning

Det er ikkje lenge sidan ein ny sportsforretning opna dørene i Vrådal. Innehavar er Espen Ruud frå Skien. Han har kjøpt det gamle handelslaget, og no satsar han på å forsyne vrådølar og andre med forskjellig sportsutstyr.

– Me leiger også ut syklar og SUP til både turistar og fastbuande, smiler Ruud.

Hanna Bergland og Moa Skofterud leiar padleheatet.
Hanna Bergland og Moa Skofterud leiar padleheatet.
Guro Grong sprang Vrådalsløpet.
Guro Grong sprang Vrådalsløpet.
Kaja Grødum testar brettet.
Kaja Grødum testar brettet.
Jakob Grødum lika brettet. – Det var enkelt å manøvrere, seier han.
Jakob Grødum lika brettet. – Det var enkelt å manøvrere, seier han.
Elisabeth Haland (5) kosa seg med sukkerspinn.
Elisabeth Haland (5) kosa seg med sukkerspinn.

– SUP?

– Det står for stand up paddle-board, forklarer han.

Ruud budde eit par år i Vrådal i oppveksten, og familien har heile tida hatt hytte i området. Han har heile tida hatt lyst til å flytte til den trivelege bygda.

– Det er fint i Vrådal og mange trivelege folk. Då eg såg at handelslaget var til sals blei eg interessert, og det enda med at eg kjøpte bygget, seier han.

Opnar kafé

I butikken er det forutan syklar og SUP også fiskesaker og interiørvarer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me får inn fleire varer etter kvart. Mellom anna skal me ha klatreutstyr og ein del klede. I tillegg er me i gang med å pusse opp andre delen av lokalet der me skal ha kafé. Problemet er å få tak i handtverkarar på denne tida, smiler Ruud.

I kafédelen kjem fleire av dei gamle klenodia frå handelslaget til å bli utstilt.

– Noko av interiøret låg her, men ein del har sikkert blitt borte. Handelslaget blei sett opp i 1904, og målet mitt er å endre fasaden tilbake til den opphavlege utsjånaden, forklarer Ruud, som sjølv bur i andre etasjen.

Testa ståpadlebrett

To unge sørlendingar fekk prøve seg på padlebretta laurdag. Dei syntest det var ein artig måte å flytte seg på vatnet.

– Det er moro og ganske enkelt. Men i dag er det litt kraftig vind så me slit litt med å kome oss framover, seier syskena Kaja (9) og Jakob Grødum (11) frå Birkeland.

Familien har leilegheit Vrådal som dei brukar mykje både sommar og vinter.