Fyrst var det innbrot i bygget teknisk etat i Nissedal kommune har på Sommarsletta, og så forsvann ein Toyota hiace som stod er.
Fyrst var det innbrot i bygget teknisk etat i Nissedal kommune har på Sommarsletta, og så forsvann ein Toyota hiace som stod er.

«Aldri hatt så mange tjuveri på så kort tid»

Lensmannen i Nissedal har litt av eit puslespel å jobbe med etter at køyretøy på køyretøy har blitt stole i kommunen. Førebels er eitt av tjuveria oppklart.

Lensmannskontoret i Nissedal er ikkje arbeidslause, og i alle fall ikkje no for tida. I løpet av ein relativt kort periode har det blitt stole fem køyretøy frå ulike delar av kommunen. Det starta like før jol då det blei stole ein sekshjuling som stod utandørs på Fjone.

11. januar blei det meldt om at ein traktor til vegselskapet NCC var borte frå grushola på Tjønnefoss, like ved fylkesvegen til Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fann traktoren att i Sverige. Ingen er sikta i saka, men me held på og puslar med ho, seier Marie Kornmo Enger, lensmann i Nissedal.

Lykkast på andre forsøk

Same helga forsvann ein traktor som stod innafor ein bom på ein hyttefeltveg på Øverlandsheia ved Gautefallheia. Traktoren blei bruka til å skuve vekk heile bommen for å kome seg utanfor han.

Ein dag fekk politiet melding frå ein person i Nordbygda om at nokon hadde prøva å stole bilen hans, men hadde ikkje lykkast. Bilen, som stod i tunet der vedkomande bur, var plutseleg borte dagen etterpå det mislykka forsøket på å reise med doningen.

3. februar forsvann ein Toyota hiace som stod inne i eit bygg teknisk etat i Nissedal kommune har på Sommarsletta i Treungen. I samband med innbrotet i bygget og tjuveriet blei det observert ei sølvgrå Passat stasjonsvogn og ein svart litt større bil med norske skilt.

– Me har funne bilen til Nissedal kommune. Ein person er sikta i saka, som ikkje er ferdig etterforska. Det er litt puslespel, seier lensmannen.

Fylgje med

– Det som er så spesielt med tjuveria er at dei skjer innafor eit kort tidsrom. Men det betyr ikkje at sakene har samanheng. Eg har forresten aldri opplevd så mange tjuveri på så kort tid så lenge eg har jobba i Nissedal, seier Enger, med ein del år på lensmannskontoret i Treungen.

Lensmannen har god tru på at ein skal klare å oppklare ein del av tjuveria.

– No er det nok, kjenner eg, seier Enger om den høge tjuveriaktiviteten av doningar i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lensmannen bed folk fylgje med og vere obs om ein ser noko som er pussig. Vidare blir folk oppmoda om å kome med tips i tjuverisakene om dei sit inne med noko slikt.

– Viss det er noko folk ynskjer å rapportere om, må dei ringje operasjonssentralen 02800 med ein gong, og ikkje vente til lensmannskontoret opnar til dømes etter helga, oppmodar Enger.