Slik er det meininga småskulen i Treungen blir sjåande ut etter at det er brukt åtte millionar kroner på 240 kvadratmeters tilbygg. Skissa er laga av Søndergaard Rickfelt.
Slik er det meininga småskulen i Treungen blir sjåande ut etter at det er brukt åtte millionar kroner på 240 kvadratmeters tilbygg. Skissa er laga av Søndergaard Rickfelt.

Alle sa ja til stort skulebygg

Eit samrøystes kommunestyre i Nissedal har vedteke å bruke åtte millionar kroner på å utvide småskulen i Treungen med 240 kvadratmeter.

Då Nissedal formannskap diskuterte saka om tilbygg ved småskulen i Treungen, ville KrF og Ap bruke åtte millionar kroner på investeringa, medan Sp og Høgre tenkte halve summen. Same dagen som kommunestyret skulle avgjere saka, fekk representantane eit notat frå rådmannen om utdjuping av arealbehovet for Tveit skule.

Å få slik informasjon så seint, syntest Ian Parry-Jones (Sp) var eit hån mot politiske parti. Sjølv om skrivet frå rådmannen låg føre, sakna politikaren framleis ein god del opplysningar som FDV-kostnader (forvalting, drift og vedlikehald), behovsanalyse og økonomiske konsekvensar ved bygginvesteringa. Vidare såg ikkje Parry-Jones behov for fire klasserom med plass til 25 elevar i kvart med tanke på barnetal i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulesjef Sissel Bronken svara med at det er veldig vanskeleg å spå om analysen på elevtal held. Rundt det å fastsette elevtal for framtida sa ho dette:

– Me ser kor mange elevar me har fått siste året som ikkje var tenkt.

Framtidsretta

Jørgen O. Nes (Frp) syntest ein arealauke på nybygget frå opphaveleg tenkt 100 kvadratmeter til no 240 var fornuftig.

– Skal ein fyrst byggje noko kan ein ikkje drive å klatte som det er gjort tidlegare. Men noko eg stussar veldig på etter å ha sett teikninga er utforminga av bygget. Eit slikt merkeleg bygg må fordyre heile byggjekostnaden med dei takvinklane og det rare greiene der. Eg trur du kunne få tilsvarande areal for langt billigare sum. Åtte millionar for 240 kvadratmeter er mykje pengar, sa Nes.

Geir Christian Enger (KrF) argumenterte for løysinga til åtte millionar.

– Eg trur kommunestyret hugsar byggjeprosjekt opp gjennom tida, med barnehagen i Treungen som grelt eksempel på det å ta litt av gongen. No har me fått teikning over eit storbygg som er framtidsretta – som kan ta imot dei elevkulla som forhåpentlegvis vil kome i framtida, sa Enger.

Får att momsen

Magne Haugsjå (KrF) kunne for så vidt seie seg einig med Nes om utforminga, men han blei likevel positivt overraska då teikninga kom. Så fann han grunn til å minne om ein ting; kostnaden for kommunen på 240 kvadratmeters bygg blir ikkje åtte millionar kroner, fordi ein får att momsen på den summen.

– Kostnaden for kommunen er eigentleg 5,5 millionar kroner, sa Haugsjå, med ein nok litt vel høg momssats i utrekninga si denne gongen …

Artikkelen held fram under annonsen.

Runa Vee Tveit (Ap) sa klart ifrå om kva ein må passe seg for:

– Me må ikkje klatte på noko som fungerer ein liten periode, så må me klatte litt til og litt til. Me må slutte med den klattinga.

Samde ut av gruppemøte

Det var tid for å la Sp få gruppemøtet Parry-Jones bad om under innlegget sitt. Tilbake i kommunestyresalen varsla han at Sp ville stø tilrådinga om ein sum på åtte millionar kroner til nybygget. Partifelle Knut Oddvar Nes fylgde opp:

– Sp har vore delt i saka, diskutert lenge, blitt einige og landa. Det er kjempeflott at det blir eit ordentleg bygg.

– Eg er veldig glad for at Sp er med og stør tilrådinga, repliserte Tveit.

Etter at ordførar Halvor Homme (Ap) hadde klubba eit samrøystes vedtak for bygg til åtte millionar kroner, inkludert utgifter til utearbeid og innreiing, kom dette ordet frå han:

– Flott.