Alpinanlegg hektar i grunneigarporten
Ti utbyggingsklare grunneigarar ved Skornetten drøftar i dag kva dei skal gjere etter at Kyrkjebygdheia AS påstår det ikkje er ei bindande avtale mellom partane.
Den planlagde storutbygginga med hyttelandsby og stort alpinanlegg ved Skornetten har i lang tid skapt eit engasjement som ikkje er dagleg kost i Nissedal kommune. Etter at kommunestyret i november til slutt gav utbyggingsselskapet grønt lys for det meste av den ynskjelege planen, har saka no tatt ei ny vending. Engasjementet er i desse dagar flytta over til å gjelde mellom Kyrkjebygdheia AS og ti av grunneigarane som har stilt areal til rådvelde i planen. Grunneigarane har tidlegare danna Skornetten utbyggingslag.
Sommaren 2007 inngjekk Skornetten utbyggingslag og Kyrkjebygdheia AS ei avtale som gjeld området ved Skornetten og økonomiske forhold. Før jol varsla dagleg leiar Arne Aniksdal i Kyrkjebygdheia AS involverte i Skornetten utbyggingslag at selskapet oppfattar det slik at det ikkje ligg føre ei bindande avtale mellom partane.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av 2007
Signalet som vart gjeve Tor Einar Tveit og Erling Hellum i Skornetten utbyggingslag, gjorde dei noko urolege. Dei har derfor kalla inn til grunneigarmøte i dag.
Sjølv om Aniksdal ikkje var tydeleg på kva han meinte, gav han uttrykk for at avtala me inngjekk 30. juni 2007 var vanskeleg å fylgje opp. Bakgrunnen var finanskrisa og at hyttemarknaden no var svært daud. 2. januar 2009 hadde me eit møte med Aniksdal der han, etter samtale med eigarane sine, overleverte eit brev der utbyggjar hevdar at det ikkje ligg føre ei bindande avtale mellom partane, informerer Tveit og Hellum i innkallingsbrevet.
I eit skriv frå Kyrkjebygdheia AS til Skornetten utbyggingslag står bakgrunnen for det selskapet no hevdar:
Det blei ikkje vedteke nokon bindande kommunedelplan i løpet av 2007. Dette var som kjent ein klar føresetnad for at avtala skulle tre i kraft. Vidare er avtala ikkje signert av alle grunneigarane, tri av dei har ikkje signert, blir det påpeika av Aniksdal.
Juridisk og moralsk
Dette ser me på som eit utspel som heilt openbart kan diskuterast, både juridisk og moralsk. Slik me ser det føreligg det fleire moglegheiter med omsyn til vidare behandling av saka. Ytterpunkta er å akseptere utbyggarens ynskje om å annullere avtala, eller gå til søksmål mot utbyggar. Det kan også tenkast mellomløysingar som inneber ei reforhandling av avtala, nemner Tveit og Hellum i grunneigarskrivet.
Dei tri grunneigarane som Aniksdal påpeikar ikkje har skrive under avtala, er identisk med trioen som heile tida har vore motstandar av utbygginga. Spørsmålet i brevet frå Aniksdal er om ein kan tolke han slik at no er denne proppen i systemet spela over til dei ti andre grunneigarane å ordne.
På dagens møte skal fyrst Aniksdal gjere greie for synspunkta til utbyggjaren. Når Aniksdal har forsvunne ut døra, skal grunneigarane drøfte kva dei skal gjere vidare i saka.