Politikarane i Nissedal seier ja til at Tor Gunnar Bø Homme kan gjere om fyrste etasje på dette bustadhuset til ambulansestasjon. Bygget ligg eit steinkast frå Rv41.
Politikarane i Nissedal seier ja til at Tor Gunnar Bø Homme kan gjere om fyrste etasje på dette bustadhuset til ambulansestasjon. Bygget ligg eit steinkast frå Rv41.

Ambulansestasjon i Treungen

Tor Gunnar Bø Homme skal etablere ambulansestasjon like ved riksveg 41 litt sør for Tveitsundbrua.

Nissedal formannskap gjev dispensasjon for ei bruksendring frå bustad til ambulansestasjon i fyrste etasje i Sagvegen 5 i Treungen.

Ingen av dei fem naboane i høyringsrunden har kome med merknad til søknaden frå huseigar og ambulansearbeidar Tor Gunnar Bø Homme om å etablere stasjonen. Ambulansestasjonen blir liggjande heilt i ytterkanten av bustadfeltet i området, og like ved riksveg 41 og ikkje langt nedanfor Tveitsundbrua.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg har lenge vore ute etter ein ambulansestasjon i Nissedal for å sikre lokale arbeidsplassar. Me treng også lokale til øvingar og liknande. Det er med dette formålet eg har kjøpt denne eigedomen. Slik tenesta er organisert nå, vil det til tider vere folk i huset opp til ei veke av gongen. Ein ambulanse blir ståande på utsida i periodar. Det vil ikkje vere bråk frå sirene eller liknande som ein kan forbinde med ein ambulanse», skriv Homme i søknaden til kommunen.

Huset han har kjøpt er på to etasjar. I andre etasje ynskjer Homme å gjere klar ein leilegheit for utleige.