Andreplass i frisbeegolf-NM
Anders Nødland Danielsen frå Kviteseid spelte seg opp under meisterskapet og tok ein solid andreplass.
Frisbeegolf-turneringa på Hamar den fyrste helga i september blei eit godt comeback for den tidlegare noregsmeisteren som ikkje deltok på NM i fjor. Han kom litt skeivt ut under det tre dagar lange meisterskapet, men tok seg kraftig inn den siste dagen og kapra til slutt ein god andreplass.
– Eg låg på ellevte plass etter to rundar, men så gjekk eg ein god tredje runde. Faktisk den beste runden i løpet av heile NM, så eg er godt nøgd med plasseringa, seier Danielsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Telemark i toppen
Han vart berre slått av ein annan telemarking. Den sytten år gamle Peter Lunde frå Skien.
– Telemark har mange gode og unge spelarar. Det har blitt større konkurranse dei siste åra, fortel Danielsen.
Den forholdsvis unge idretten har stadig blitt meir populær. I NM var det om lag 120 deltakarar som spelte i tre dagar og måtte gjennom 27 hol kvar dag.
Danielsen skryt av utviklinga rundt sporten.
– Det er eit godt miljø rundt Kvitsund, med både elevar og tilsette som spelar på bana der, seier han.
Trenar i garasjen
Danielsen fortel at han trenar om lag tre gonger i veka. Både på bane, men også heime i garasjen der han står og puttar frisbee’n i korga.
– Eg har fått litt meir tid til å trene no når borna blir større. Det er nærspelet som er viktigast å trene på. Det er det som er avgjerande i konkurranse, seier han.
Han har også ambisjonar for neste sesong og åra som kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har jo lyst til å vinne kongepokalen igjen, avsluttar Danielsen.