Anja frå Arabygd har designa interiøret i denne Mumbai-drosja
Ein av drosjesjåførane i den indiske millionbyen køyrer rundt med isbjørnar,reinsdyr, og nordljos på sete,tak og veggar inne i drosja si.
Indiske Brijesh Kumar Shukla er innehavar av ei drosje dekorert på ein litt annleis måte enn dei andre drosjene i byen. Inni er ho nemleg full av nordiske motiv.
– Eg likar designet svært godt – spesielt fargane. Mange av passasjerane mine spør meg kvar interiøret kjem frå, fordi det er så vakkert og fargerikt. Dei elskar monumenta også, seier Brijesh sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er Anja Sofie Haugen fra Arabygdi i Vinje som har designa interiøret gjennom prosjektet Taxi Fabric. Ho er illustratør hjå det Oslo-baserte kommunikasjonsbyrået Involve!.
– Kollega Espen Aarbakke Johnsen og eg kom over Taxi Fabric-prosjektet på Kickstarter. Dette er ei nettside der kreative prosjekt kan få pengebidrag frå bedrifter eller privatpersonar frå heile verda. Ved å betale nokre kroner, sponsa me ein lokal designar som kunne dekorere innsida på ei av Mumbais ikoniske Premier Padmini-drosjer, samt at me fekk designe ei sjølv.
Ho fortel at Espen lika den enkle og konkrete ideen, og såg at dette ville vera eit kult prosjekt for eit kommunikasjonsbyrå med både designarar og illustratør på huset.
Snødekte landskap og dansande nordljos
– Briefen me fekk gjekk ut på at me fyrst og fremst skulle kommunisere Mumbai. Me spurde så om me kunne få lov til å blande inn litt nordisk preg i designet, då det kunne skilje vårt design frå dei andre. Det finst no rundt 36 illustrerte drosjer i Mumbai, skjønar du. Det gjekk dei med på. Min fyrste tanke var å bringe litt kulde ned til Mumbai, for å avkjøle drosjepassasjerane, seier Anja.
Og dermed var ein idé fødd. Prosjektet begynte å ta form i hovudet hennar.
– Me valde å kalle prosjektet «Contrasts». Ein passande tittel med tanke på forskjellane på det kalde og ljose nordiske mot det varme og fargerike indiske. Det resulterte i ein bakgrunn med eit snødekt fjellandskap, og ein stjernehimmel med dansande nordljos på. Mumbai er eit varmt land, så det måtte då vel vera litt forfriskande? Landskapet er teikna svært grafisk, med polygon-former. For ytterlegare å bringe Noreg til Mumbai, teikna eg «nordiske» dyr, som fyrst var tenkt som eit slags stjernebilde i taket. Dyra blei ulv, isbjørn, hubro, og hjort. Desse teikna eg også i polygonstilen – og med masse fargar – for å kontrastere den frosne bakgrunnen, fortel Anja.
Nipanuten i Mumbai
Artikkelen held fram under annonsen.
Men, i tillegg til nordiske dyr måtte teikningane innehalde noko meir. Det kjende ho på seg. Ho inkluderte difor mykje av naturen ho er så glad i frå heimstaden i Vinje.
Her blir det produsert:Slik såg det ut då designet til Anja blei produsert i Mumbai.(Foto: Vihan Shah, Isha Jhunjhunwala and Mayur Mengle)Drosjesjåføren:Brijesh Kumar Shukla har ei drosje som skil seg frå mengda.(Foto: Vihan Shah, Isha Jhunjhunwala and Mayur Mengle)
– Eg synest det er moro at min polygonvariant av Nipanuten og fjella frå min barndom heime i Arabygdi er foreviga i Mumbai. Eg likar å tenke på at dei som sit på i taxien får lyst til å stille spørsmål kring designet og korleis Noreg er.
Og så tok ho med nokre av dei mest kjende byggverka i Mumbai.
Arkitekturen i Mumbai er vakker, og deler av han er svært gamal. Eg teikna då polygonversjonar av kjende landemerke frå Mumbai, også her i sterke fargar. Dette er klassiske gamle og kjende bygningar som befolkninga vil kjenne att. Eg valde å teikne Chhatrapati Shivaji Terminus, som er den velkjende jernbanestasjonen i Mumbai, moskeen Haji Ali Dargah, eit av dei mest attkjennelege landemerka i Mumbai, og Gate of India, seier ho.
At Anja brukar kontrastar i teikningane sine er ikkje noko nytt.
– Eg let meg fascinere av ytterpunkt, innan både kunst, musikk, film og natur. Her blei den fargesterke kulturen ein kontrast til vår meir dempa. Eg har høyrt mykje på indisk musikk opp igjennom åra, og sett ein haug av indiske filmar frå Bollywood. Då snakkar me ein stor kontrast til heimbygda mi Arabygdi. Det bør likevel nemnast at pappa var rosemålar og treskjerar, og at han alltid bruka flotte og sterke fargar på kunsten sin.
Førebels har ikkje Anja sett drosja i levande live, men ho seier det ville vore moro å få sjansen til det ein dag. Enn så lenge har ho nøydd seg med å prate med Brijesh over nettet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har diverre ikkje sete på i denne drosja enno, men eg har skypa med sjåføren. Brijesh kytte veldig av «den nye» bilen sin, smiler ho.
Ho har logoen sin i verdsrommet
Anja er ein erfaren illustratør. Ho har teikna profesjonelt i 11 år, heilt sidan ho gjekk ut av Westerdals ACT i Oslo i 2005. I løpet av desse åra har det blitt mange artige prosjekt.
– Det er artig å tenke på at etter alle dei timane eg har sete med dette, resulterte det i et verkeleg produkt. Eg har ikkje gjort noko liknande dette, men eg har gjort mange andre morosame ting. Eg har mellom anna designa profilen til kommunikasjonssatellitten Telenor Thor 5, så då er logoen min i verdsrommet, ler ho.
– Elles har eg profilert diverse band, og då er det moro å sjå til dømes backdropen i levande live på ein scene i Tokyo framfor 40 000 tilskodarar.
På planen framover står det fleire ting, men det er ikkje alt ho vil røpe enno.
– Mitt neste store prosjekt … Eg har mange ballar i lufta, både på jobb og privat. Eg skal mellom anna illustrere ein heil vegg i burettslaget vårt. Det blir nok litt hyggelegare å sjå på enn grå murvegg, ler ho.