– Det er moro å lese bøker og leve seg inn i historiane, meiner systrene Anna og Amalie Rannestad frå Kviteseid. Dei har begge lese over 3 000 boksider i sommar.
– Det er moro å lese bøker og leve seg inn i historiane, meiner systrene Anna og Amalie Rannestad frå Kviteseid. Dei har begge lese over 3 000 boksider i sommar.

Anna og Amalie er på lesetoppen

Det er stor leselyst hos barna i Kviteseid, det viser både resultat frå Kviteseid folkebibliotek og lesekampanjen Sommarles. I sommar har 500 barn i Vest-Telemark lese over 600 000 boksider. Anna (10) og Amalie (8) Rannestad frå Kviteseid har begge bidrege godt til statistikken.

– Det er meir morosamt å lese om sommaren – og ekstra moro når ein får premie for å lese, meiner Amalie Rannestad (8).

Ho og storesyster Anna (10) har delteke på den digitale lesekampanjen Sommarles.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har blitt mange tusen lesne boksider, og dei er begge med på å påverke det gode resultatet for kampanjen i Kviteseid.

– Eg har lese 3 800 sider nå trur eg, seier Anna.

– 3 238 sider har eg lese, smiler veslesyster stolt medan Anna forklarar at det kanskje ikkje er mykje tekst på kvar side i alle bøkene 8-åringen har lese som bøkene ho sjølv har lese.

Anna (10) og Amalie (8) Rannestad frå Kviteseid har begge lese mange bøker denne sommaren – mykje på grunn av lesekampanjen Sommarles.
Anna (10) og Amalie (8) Rannestad frå Kviteseid har begge lese mange bøker denne sommaren – mykje på grunn av lesekampanjen Sommarles.

– Me fekk lekse av lærarane om å lese i sommar. Eg trur sikkert eg har lese 30 bøker, så leksa er gjort, smiler Anna.

Leser på senga

Anna og Amalie fortel at dei helst tar med ei bok på rommet og les i senga, men at det er koseleg å krype opp i sofaen og lese litt også.

Solskinsdagar blir det ikkje lese så mykje, men når det regner er det ekstra godt å drøyme seg vekk med ei bok, meiner systrene.

Familien på 5 i Kviteseid har vore på bilferie i sommar, både til Danmark og Tyskland, og då var bøkene også med på tur.

Jentene viser fram nokre av bøkene dei har lese. Dustedagboka, Gutta i trehuset og Harry Potter er populære seriar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Favorittboka mi så langt er Harry Potter og mysteriekammeret. Bøkene om Harry Potter er veldig spennande, seier Anna og viser at ho har om lag 120 sider att før ho er ferdig med boka.

– Eg likar Gutta i trehuset godt, smiler Amalie.

– Denne boka liker eg også godt. Den heiter Actionbibelen. Det er ei teikneseriebok på 744 sider. Eg fekk boka til 9-årsdagen min. Pappa las i den for meg tidlegare, men nå les eg sjølv, smiler ho stolt.

Barn i Vest-Telemark er på lesetoppen

Bok betre enn film

Systrene likar godt å sjå film også, men meiner bestemt at det beste er å lese ei bok.

– Ein får med seg fleire detaljar og ein kan leve seg med i det ein les om, seier Anna.

Systrene trur at mange les meir sidan det er Sommarles.

– Ein blir kanskje litt meir freista sidan det er ei tevling og ein kan få premiar ettersom ein registrerer sider og kjem til nye nivå. Og det er morosamt å fylgje med på kva og kor mykje venene våre les også, meiner Anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg les i alle fall meir, for eg er ikkje så glad i å lese på skulen, seier Amalie.

– Det er kanskje lettare å lese i ferien også, sidan då er det ikkje noko me må gjere, seier Anna tankefullt og legg til at ho synest det er ekstra fint at det blir trekt premiar av alle som deltek.

– Då har alle lik sjanse til å vinne, om ein likar å lese lite eller mykje, seier 10-åringen.

Kjekt med bibliotek

Jentene fortel at dei finn tips til kva bøker ein kan lese gjennom nettstaden til Sommarles.

– Ein kan også gje tilbakemelding på bøker ein har lese og skrive bokmelding om ein har lyst, fortel Anna.

– Kvar får de tak i bøkene de ynskjer å lese?

– Me går på biblioteket – både i Kviteseid og i Seljord – og så hjelper dei på biblioteket oss med å bestille bøker om dei ikkje har ho inne. Denne boka fekk eg låne frå Tokke. Kjekt, smiler Anna nøgd.

Fram til 31. august er det høve til å registrere kor mange sider ein har lese denne sommaren, og Anna og Amalie har framleis fleire boksider dei skal kome igjennom før skulestart.