Anne Marie Smeland sendte friarbrev til «Jakten på kjærligheten»-bonden Rolf Gjølstad.
Anne Marie Smeland sendte friarbrev til «Jakten på kjærligheten»-bonden Rolf Gjølstad.

Anne Marie jaktar bondekjærleik på fjernsynet

Måndag blir seljordingen Anne Marie Smeland å sjå i fjernsynsruta. Ho er ein av ti friarar som skal sjarmere kornbonden Rolf frå Vestby.

Måndag kveld er det sesongstart for TV2-programmet «Jakten på kjærligheten» og på ny får ein vere vitne til hurtigsjekking saman med dei fire bøndene som fekk flest friarbrev frå sjåarane.

Rolf Gjølstad (63) er ein av bøndene, og i programmet får ein sjå det fyrste møtet mellom kornbonden og dagleg leiar på Frivilligsentralen i Seljord, Anne Marie Smeland (65).

Artikkelen held fram under annonsen.

Spontan

Det heile starta ein ettermiddag i vår. Rett før Smeland skulle gå heim frå jobb fekk ho sjå andletet til Katarina Flatland på dataskjermen.

– Ho kjente eg att, og då såg eg at det var siste frist for å sende friarbrev til bøndene, og bilde og ein video av Rolf dukka opp. Han såg ut til å vere ein hyggeleg mann som eg kunne like, tenkte eg, fortel Smeland.

Impulsiv som ho er blei det forma både eit lite brev og ein video som ho sendte til fjernsynskanalen.

– Eg er impulsiv, nyfiken og uredd og tenkte nok ikkje så mykje konsekvensar då eg sendte brevet. Neste dag fekk eg ein telefon om at brevet var motteke. Eg reiste på ferie og då eg kom heim ringte telefonen att – eg var plukka ut til å vere med vidare i programmet. Då ringte eg fyrst til dei to flotte døtrene mine i Oslo og konfererte med familien. Herremann, kva har du å tape, køyr på mamma, sa jentene mine, smiler Smeland.

Spennande

I slutten av juni gjekk turen til minnerike dagar på Hoel gård der innspelinga fann stad. Smeland meiner at alt, frå brevet blei sendt og til fjernsynsopptaka blei gjort, har vore ei stor oppleving for henne.

– Fordelen min er kanskje at eg ikkje hadde sett på dette programmet før, og eg kjente ikkje til konseptet. Då alle friarane til dei fire bøndene blei samla blei det mange nye folk og ein var i ei boble. Eg tenkte ikkje over at det var kamera der, sjølv om dei var tett på heile tida, seier Smeland.

Smeland seier at ho er spent på speeddaten der ho møter Rolf for fyrste gong.

– Ein gløymer jo litt korleis det var. Me fekk fem minutt saman med bonden, men det blei filma 8-10 timar kvar dag, og av dette blir det bare vist ein liten bit. Det blir moro å høyre kva Rolf og dei andre sa om meg, seier Smeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må innrømme at eg var spent då eg skulle møte Rolf for fyrste gong, det er jo ikkje den enklaste måten å date på, ler ho.

Løyndomsfull

Smeland kan sjølvsagt ikkje avsløre noko om korleis det gjekk etter det fyrste møtet med kornbonden, men ho har mykje godt og seie om han.

– Rolf er ein skikkeleg jordnær fyr, slik eg kjenner folk frå bygda. Han er eit arbeidsjern som driv fem gardar i tillegg til full jobb. Han er aktiv og snill slik eg har lært han og kjenne – og han er absolutt slik eg trudde ut frå fyrsteintrykket på videoen, seier Smeland.

– Korleis har folk reagert etter at det blei kjent at du skal date på fjernsynet?

– Det har vore bare positive tilbakemeldingar. Folk kjem og klemmer meg – nei dette er bare moro, seier Smeland.