Ap-ja til å kjøpe bygg med inventar
Fyresdal Ap har vedteke at kommunen likevel brukar millionar av kroner på å kjøpe eit industribygg med inventar på Molandsmoen.
Kommunestyret i Fyresdal fekk 30. mars ei ekstra sak i møtet: Moland eigedom AS – overtaking av innbu og bygg. Av forrentningsmessige omsyn i næringssamanheng valde politikarane å lukke møtet. I eit samrøystes vedtak som er offentleg heiter det at Fyresdal kommune involverer seg ikkje i kjøp av Moland eigedom nå.
Til kommunestyremøtet i slutten av april står denne saka ført opp til handsaming: Moland eigedom – overtaking av innbu og bygg, nye moment. Spørsmålet går til ordførar Erik Skjervagen (Ap) om kvifor saka kom opp att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kom billigare tilbod, svarar han.
Opsjon på anna bygg
I møtet kom ordføraren sjølv med eit forslag om at kommunen kjøper Moland eigedom AS sitt bygg og IKM maskinering AS sitt innbu. Kommunen gjev 2,2 millionar for bygget. Moland eigedom yter 250 000 kroner og IKM yter 150 000 kroner til oppgradering av bygget. Kommunen kjøper alt av maskiner, inventar og varelager av IKM for 1 million kroner mot at ein får ei langsiktig avtale med IKM om status som leverandør. Fyresdal kommune får opsjon på fem år på å kjøpe det andre bygget som står på tomta til Moland eigedom, heiter det til slutt i forslaget som blei vedteke mot røystene til Sp.
– Ap mot Sp – ein klassikar, kommenterer ordføraren røystinga.
Industribygget som posisjonen har sagt ja til å kjøpe, hadde 15 tilsette hausten 2015 då IKM maskinering AS i Tau valde å leggje ned avdelinga i Fyresdal og sa opp arbeidsstokken.
Tone Irgens Veum er gruppeleiar for Sp og seier dette om kvifor partiet ikkje ville bruke kommunale pengar i saka:
– I dag har me ikkje nokon som vil drive i bygget, men me kan vere med og bruke kommunale pengar om ein får nokon til å drive der.
Ikkje underskrive enno
Me har spurd ordføraren kva «status som leverandør» betyr.
– Det betyr at dei som eventuelt jobbar i bygget blir underleverandør til IKM. Me satsar på at nokon jobbar i bygget, men det er ein tung prosess å få starta opp dette. Me tek ein sjanse, men har gjort det mange gonger før og stort sett lukkast, svarar Skjervagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det han elles kan seie er at tomta der bygget står er inkludert i prisen og at heile kjøpet blir finansiert ved hjelp av lån. Det andre bygget like ved som kommunen ynskjer opsjon på er sett opp i nyare tid for ein pris til to millionar kroner.
Ordføraren avsluttar med å seie at avtalene om kjøp ikkje er underskrive enno, fordi det er nokon ting som må på plass fyrst.
Eigarane
Fyresdølen Lars Inge Lauvdal har alle aksjane i Fyresdal eigedom AS, som eig dei to bygga på Molandsmoen. I fylgje proff.no hadde selskapet hans 782 000 kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 315 000 kroner i 2015. Sum eigardelar var på 2 054 000 kroner. Aksjekapitalen er 100 000 kroner.
Lauvdal leia avdelinga IKM hadde i Fyresdal fram til nedlegginga som ble vedteke hausten 2015.
IKM maskinering AS er eit stort selskap i Noreg og som også er inne i andre land. Det blei opna ei avdeling i Fyresdal kring 2007, men nedgang i oljebransjen enda med varsel om nedlegging av ho.
IKM med hovudkontor i Tau i Strand kommune har hatt omsetning på fleire milliardar kroner årleg. Verksemda tilbyr eit breitt spekter av tenester til offshore og innlandsindustri innan mekanisk arbeid og produksjon.