Det er aude i den eine avdelinga ved DPS Seljord. Her kan ein få plass til fleire sengeplassar viste psykiatrisk sjukepleiar Håkon Birkeland (t.v.) på ei omvisning med ordførar Jon Svartdal og prostdiakon Eilev Erikstein torsdag.

– Årets viktigaste kamp

Å leggje ned Distriktpsykiatrisk senter (DPS) i Seljord vil få svært negative konsekvensar for ei sårbar pasientgruppe i Vest-Telemark. Det meiner ordførarane i regionen og tilsette og pasientar ved DPS.

– Den viktigaste kampen for Vest-Telemark i år er å få behalde DPS i Seljord, meiner prostdiakon Eilev Erikstein.