Margit Auran (t.h.) og Bibbi Tveito var samde om å byggje åtte psykiatribustader bak aldersbustadene, og slik blir det.
Margit Auran (t.h.) og Bibbi Tveito var samde om å byggje åtte psykiatribustader bak aldersbustadene, og slik blir det.

Åtte bueiningar bak aldersbustadene

Etter eit langt ordskifte i Vinje kommunestyre om plassering av psykiatribustader, røysta eit klart fleirtal for framlegget frå Margit Auran (KrF) om å ha åtte bueiningar bak aldersbustadene. Vedtaket gjekk rett heim hos mange av tilhøyrarane.

Det var uvanleg mange tilhøyrarar torsdag då Vinje kommunestyre skulle avgjere to viktige saker; plassering av psykiatribustader og om ein skulle kjøpe parkeringskjellar for 27,4 millionar kroner.

– Eg håper på like mykje publikum på seinare kommunestyremøte også, men er ikkje sikker, innleia ordførar Arne Vinje (SV).

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikar Margit Auran er godt kjent med omsorgssektoren i Vinje, sidan ho har jobba der i 30 år. I kommunestyret sa ho at dei ti siste åra har psykiatribustadene vore ei kampsak for henne. I mellomtida har ho opplevd at fleire personar har forlatt denne verda utan å ha fått eit verdig butilbod.

– På tide

– Når ein no skal byggje bustader er det viktig å byggje mange nok. Eg meiner me må byggje 8 bustader, sa Auran om det ho hadde registrert er behovet.

Ho vedgjekk at ho hadde vingla att og fram i plasseringa av bustadene for personar med psykiske lidingar, og hadde fått med seg at dei fleste fagpersonane ynskte ei plassering ved Vinje Dagsenter i byggjefeltet Haugetuft. I fjor sommar trudde Auran det skulle bli ei enkel sak å flytte byggjeprosjektet frå Åmot sentrum til området ved dagsenteret.

– Eg hadde ikkje rekna med den veldige motstanden som kom, og etter det eg har høyrt og erfart har ikkje motstanden blitt mindre. Me skal ikkje presse bustadene inn i bustadfeltet, ingen av partane er tente med det. Det vil i tillegg utsette oppstartinga av bygginga, men no er det verkeleg på tide å kome i gang, slo Auran fast, før ho la fram eit forslag om å byggje åtte bueiningar med felles opphaldsrom bak aldersbustadene som ligg rett bak helsesenteret i Åmot sentrum.

Medmenneske

Baiba Sheine (SV) hadde eit anna syn på saka. Ho var overbevist om at å bu i byggjefelt er det beste for menneske med psykiske lidingar.

– Mangfald aukar toleransen. Me har alle noko å lære av kvarandre. Me må unngå å putte menneske i bås, sortere dei og lage eigne område for dei sjuke, dei friske, dei rike, dei fattige og innvandrarar. Då kan me fort ende med gettoar, sa Sheine.

Ho hadde full forståing for at nokon er engstelege for å få folk som slit psykisk, som naboar.

– Eg trur me er klare for å gje litt av oss sjølve i kvardagen, vere litt medmenneske og vere gode naboar. Eg har tru på at innbyggjarane i Vinje, ein kommune som har fått Amnestyprisen, klarer også denne utfordringa, sa Sheine, og føreslo seks psykiatribustader ved dagsenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Minst åtte bustader

Bibbi Tveito (Sp) meinte området rundt helsesenteret er best eigna for psykiatribustadene, og var på line med Auran også i talet på bustader der. Vera Jørgensen (SV) halla klart til forslaget frå partifella si.

– Når fagfolk seier at ein bør leggje bustadene ved dagsenteret, har eg ikkje samvit til å røyste noko anna, sa Jørgensen.

Tor Strømme (Ap) slo fast at endeleg hadde ein kome til kvelden då det skulle kome vedtak i saka. Han lanserte synet til Ap om ei plassering ved helsesenteret, og presiserte at det måtte kome minst åtte bustader.

– Hadde me høyrd på fagfolka i 2007, hadde folk kanskje alt flytta inn i bustadene, skaut partifelle Børre Rønningen inn.

Det var ikkje bare Ap som tenkte i same banar som Auran og Tveito. Forslaget om plassering bak aldersbustadene gjekk rett heim hos mange spente tilhøyrarar frå byggjefeltet Haugetuft.

– Det minste me må byggje er åtte bustader. Me er forplikta til å tenkje litt lenger enn i dag, og det har Auran gjort, sa Halvor Lognvik (Frp) i si støtte til forslaget frå KrF-representanten. Lognvik var elles oppteken av at ein måtte sjå nærare på kvar bustadene eigentleg skal liggje i området ved helsesenteret.

Med 18 mot 6 røyster vart det vedteke å byggje psykiatribustader med felles opphaldsrom bak aldersbustadene. Vidare røysta 21 for å ha 8 bustader der. Prisen er 30 millionar kroner.