Åtte fleire vesttelar enn ved årsskiftet

Halvvegs ut i året var me 14178 vesttelar. Det er fjorten fleire enn for eitt år sidan, og åtte fleire enn ved nyttår.

Nissedal og Fyresdal kan vise til høvesvis 19 og 21 fleire innbyggjarar i kommunane enn det var ved årsskiftet. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det 1. juli budde 1495 innbyggjarar i Nissedal og 1340 i Fyresdal.

I Seljord er innbyggjartalet det same som då 2016 blei til 2017; 2979. I dei andre kommunane har det vore ein tilbakegang. Vinje har «mista» 24 personar sidan nyttår, viser SSB-tala. I Kviteseid og Tokke har det høvesvis blitt 6 og 2 færre innbyggjarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvvegs i året budde det 14 178 innbyggjarar i Vest-Telemark. Det er åtte fleire enn ved årsskiftet, og 14 fleire enn på same tid i fjor. Størst framgang på dei siste tolv månadene har det vore i Nissedal med 32 fleire innbyggjarar. I Tokke har det blitt 34 færre.