Åtte ville ikkje tilsetje Houge
I kommunestyret 10. desember kom Birgit Johanne K. Olsnes (Sp) med framlegg om å innstille berre Kjetil Lie, og ikkje ha Brit Houge eller nokon andre på andreplass.
VTB Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Framlegget fekk støtte frå representantar frå ulike parti, men fall med åtte røyster.
Artikkelen held fram under annonsen.
Olsnes ynskjer ikkje å seie noko om kvifor ho og dei sju som stemte med henne ikkje ynskte å innstille Houge til jobben dersom Lie skulle takke nei.
– Eg kan ikkje kommentere tilsetjingssaker, og diskusjonen i kommunestyret var lukka. Fleirtalet gjekk inn for å innstille Houge som nummer to, og det forheld meg til, seier Olsnes.
Brit Houge sjølv vil ikkje seie noko om saka.
– Kva tenkjer du om at det var åtte som ikkje ville ha deg øvst på lista?
– Det vil eg ikkje kommentere, svarar ho.