Attende på stemneplassen
Dyrskuplassen har etterkvart vorte ein populær tilhaldsstad for festivalar og stemne av ymse slag. Maran Ata-stemnet er ein av veteranane. Sidan 1980 har dei vendt attende til Seljord kvar sommar.
Stemneleiar Margot Hope tar i mot VTB i den steikande sola på Dyrskuplassen.
Dette er det 35.stemnet vårt. Det heile byrja på Tangen ved Hamar, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterkvart voks stemnet seg stadig større og det var behov for ei ny lokalisering av landsstemna.
Tor Napastaa foreslo på ein konferanse i Oslo at stemnet kunne leggjast til Dyrskuplassen. Me var skeptiske i byrjinga og lura på korleis ein stad som vart nytta til fesjå kunne passe som stemneplass. Men me stola på Tor, minnest Margot Hope.
Og Seljord blei det. I 1980 vart det fyrste Maran Ata Landsstemnet arrangert i Seljord, og med unnatak av eit par år på Nes Camping, har stemna halde til på Dyrskuplassen.
Låg terskel
På Maran Ata-møte er alle velkomne. Terskelen er låg.
Mennesket er nybyrjarar i Guds rike. Me har stor takhøgde i Maran Ata, seier Margot Hope.
Stemneleiaren understrekar at ein får høyre mange sterke livshistorier på stemnet. Om menneske som har vore vrak og reist seg att.
Her traktar me ikkje etter det perfekte, men det ekte, seier ho.
Ho har samtidig forståing for at mange kan synast at den karismatiske stilen er framand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein må ikkje vera så forutinnteken, men prøve å vera open for Gud, meiner Margot Hope.
Etter hennar meining er det kanskje ikkje alt som er like heldig av det ein ser av karismatiske ytringar, men ho presiserer at det er viktig å vera romsleg og at ein skal ta vare på det gode.
Og me må oppmuntre til å søke Guds veg, smiler ho.
Mykje folk
I løpet av dagane på Dyrskuplassen ventast det rundt tusen menneske totalt. Stemneleiaren nyttar høvet til å invitere vesttelar til møtehallen. I løpet av åra har deltakarane på Maran Ata fått eit godt og nært forhold til Seljord og seljordingane.
Bygdefolk er hjarteleg velkomne hit til plassen. I alle år har me blitt tatt i mot så fint. Seljord er ei vakker bygd som tek i mot oss på ein god måte. Dette er noko som set bygda på kartet, seier stemnesjef Hope.